Nokon har hacka seg inn på epost-kontoen til ordførar Arne Sandnes i Norddal, i eit forsøk på å svindle til seg pengar.

I Ukraina

I ein epost som er sendt ut frå Sandnes sin konto til ei rekkje personar blir mottakaren beden om å sende han 15.200 kroner slik at han kan betale for bilettane og hotellopphaldet, og kjem seg heim frå Ukraina.

For no sit han angiveleg fast i Ukraina på grunn av at nokon har stole pass og kredittkort, står det i eposten - som også føreslår korleis pengene bør overførast.

– Dette er ikkje rett. Eg har ikkje vore ute og reist, og eg er ikkje blitt fråstole pass og kort og er difor ikkje i pengetrøbbel, seier ein oppgitt Arne Sandnes.

Fekk mange spørsmål

Han visste ikkje om svindelforsøket før han begynte å få tekstmeldingar måndag føremiddag med spørsmål om han var i trøbbel.

– Eg har varsla it-ansvarleg i kommunen, og vurderer også å kontakte politiet, seier Sandnes.