Når ørstingane tidleg om morgonen 1. juledag samlast til si tradisjonelle Julotte i Ørsta kyrkje, er det Eirik som i år sit ved klaviaturet.

Han skal sørgje for at vakre juletonar strøymer ut frå dei mange pipene.

Orgelet har han spelt på fleire gonger før, men aldri i jula.

– Eg er ikkje nervøs no, men det blir eg kanskje litt når eg skal spele, seier 12-åringen.

Øvingstime

Vi møter Eirik medan han har ein øvingstime ved orgelet i Ørsta kyrkje. Før det har han vore i aksjon under kulturskulen sin julekonsert. Men der spelte han piano. Det skal han også gjere julaftan, i Ørsta frikyrkje. Så han får ein hektisk start på jula.

Og det kunne ha vore meir, men han fann å takke nei til eit tredje oppdrag. For det kan bli for mykje.

Men tru ikkje at han debuterer som organist i jula:

– I fjor spelte eg på orgelet i Vartdal kyrkje på julaftan, og i Hjørundfjord kyrkje på Sæbø 1. juledag. Eg har også vore vikar og spela på kyrkjeorgel ved andre høve, både i påska og i pinsa, legg han til.

Eirik var berre fire år då han tok til å spele piano. For tida har han Ragnhild Engeseth som pianolærar.

Hva skjer? Sjekk kulturkalenderen på smp.no

Han er dessutan med på talentutviklingsprogrammet Unge Musikere ved NTNU i Trondheim, noko som betyr fleire turar til Trøndelag i løpet av året for meir pianospeling.

– Der har vi både teori og praksis. Og samspel med andre likar eg spesielt godt.

Eirik var også med på UMM, Ungdommens Musikkmesterskap, der den regionale meisterskapen for Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal vart arrangert i Ålesund i november.

ORGANIST Eirik Stave har to speleoppdrag i jula, først i Ørsta frikyrkje julaftan, og så i Ørsta kyrkje 1. juledag. Foto: TERJE ENGÅS

Eirik kvalifiserte seg for semifinalen i Oslo i januar.

– Skal du studere musikk når den tid kjem?

– Det veit eg ikkje enno. Det hadde vore artig, men vi får sjå.

For det er også anna som fristar, fotball til dømes. Han spelar på Ørsta IL, og kan godt tenke seg ei karriere i Liverpool.

Andsnes og Grieg

– Mitt musikalske førebilete er Leif Ove Andsnes, medan Edvard Grieg er favorittkomponist, legg Eirik til.

– Korleis er det forresten å spele medan ein stor tilhøyrarflokk syng?

– Nokre gongar, når eg føler at dei syng litt for sakte, prøver eg å dra dei litt framover, avslører den unge organisten i Ørsta.