Stor innsats frå frivillige
Det var klokka 13.20 at politiet meldte om at eit funn av ein mannsperson blei gjort klokka 12.10. Funnet blei gjort i samband med at leitinga etter 18-åringen som blei meldt sakna natt til julaftan.
Det var frivillige som søkte med ein båt langs holmane som fann den omkomne.
– Dessverre fekk saka eit tragisk utfall, men når det først gjekk slik, var det viktig for oss å finne den omkomne. Våre mannskap har gjort ein god jobb i heile julehelga. Politiet er svært takksame for den store innsatsen frå alle som har involverte i leitinga. Ei spesiell takk til dei mange frivillige som har delteke, seier konstituert politimeister Ingmar Farstad i Møre og Romsdal politidistrikt i pressemeldinga.