Det er Nordic Location AS som planlegg ei slik line, for å tilby spanande og tette naturopplevingar til turistar og bedriftskundar.

Prosjektet inneber ein tilrettelagt sti opp Flydalsjuvet. Frå toppen skal ein kunne fly langs ein wire ned igjen til startpunktet via ei såkalla zipline.

Men Fylkesmannen i Møre og Romsdal er svært skeptisk.

– Fylkesmannen varslar at vi vil måtte fremje motsegn til ein reguleringsplan som vil bidra til å redusere hekkesuksessen til hubroen, skriv rådgjevar Jorunn Mittet Eriksen, og peikar på at hubro er ein sterkt truga fugleart i Norge.

Ho legg til at ei line kan redusere opplevinga av urørt natur.

Også andre stader i fylket blir det tatt omsyn til hubroen. På Fjørtofta skal det byggjast tunnel til 20 millionar kronar av omsyn til eit hubroreir.