Forskarar ved Høgskulen i Volda vil finne ut kva som skjer med handskrifta til første- og andreklassingar, avhengig av om dei startar med blyant eller tastatur. Og dei ønskjer kontakt med skular, spesielt på Nordvestlandet, som vil vere med i prosjektet.

– Vi ønskjer deltaking frå skular på Nord-Vestlandet/Vestlandet, som nyttar nynorsk som hovudmål og nettbrett i begynneropplæringa, anten med eller utan undervisning i handskrift frå første klasse, seier førsteamanuensis Wenke Mork Rogne, som er leiar for DigiHand-prosjektet, i ei pressemelding.

Lite forskning frå før

Mange førsteklassingar i Norge lærer først å skrive på tastatur. Handskriftsopplæring startar i andre klasse. På andre skular lærer elevane framleis å skrive for hand frå første skuledag.

Det er frå før lite forsking på feltet.

– Erfaringar frå klasserom tyder på at elevar uansett lærer å skrive for hand, med og utan tastatur. I dette prosjektet skal vi undersøkje tekstar for å sjå på korleis handskrifta utviklar seg. Vi ønskjer også å finne ut kva for undervisningspraksisar som kjenneteiknar dei to settingane, seier Rogne.

Treng 20 klassar

Klassane som får vere med i forskingsprosjektet må minst ha 10 elevar. Og forskarane skal følgje 20 klassar frå første til slutten av andre klasse.

Dei som ønskjer å vere med i prosjektet kan ta kontakt med prosjektleiar Rogne eller forskingsleiar Siv Måseidvåg Gamlem ved Høgskulen i Volda.

DigiHand har fått midlar frå Norges Forskningsråd, og Lesesenteret ved Universitetet i Stavanger er samarbeidspartnar.