– Klart vi ønsker at det blir stort. Det kan bety større ordrar for oss, seier Joakim Helland med eit smil.

Han er dagleg leiar for Helland Møbler i Stordal, leverandør av møblar til helsesektoren.

Helle Jensen, prosjektdirektør for Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR), seier at dei har oversikt over kva dei treng og jobbar med ein plan for innkjøp av møblar og inventar. Planen er klar i løpet av våren 2018.

197 pasientrom

Ho fortel at det er mykje som skal inn i sjukehuset, frå servantar til kunst. Og sjølvsagd møblar til 197 pasientrom, og fellesareal, møterom, auditorium og kontor. I alt er det snakk om over 150 ulike kontraktar for innkjøp av utstyr.

Det er musikk i øyra til Joakim Helland, for Helland Møbler har spesialisert seg på nettopp helseinstitusjonar:

– Vi leverer møblar til pasientrom, lobby, møterom – heile pakka. I 2017 leverte vi slike møblar for 82 millionar kroner. Mellom anna fekk vi bestilling på nesten tusen kvilestolar til Nye Karolinska Universitetssjukehus i Stockholm.

Ut på anbod

Prosjektdirektør Helle Jensen seier at dei vil gjerne ha lokale leverandørar, men legg til at dei sjølvsagd er forplikta til å leggje alle slike innkjøp ut på offentlege anbod.

Det er Helland fullt klar over, og lovar at dei kjem til å delta.

– Det gjer vi alltid, og det gjer vi også denne gongen. Så dette er svært spanande. For vi veit kva helseinstitusjonane treng, og har bygd opp kompetanse på området. Vi er kjende for å vere ein påliteleg leverandør, reklamerer Helland.

Fora Form i Ørsta er ein annan lokal aktør som kan vere aktuell for å levere møblar til det nye sjukehuset på Hjelset når den tid kjem:

– Dette er eitt av fleire spanande prosjekt framover. Vi kan til dømes levere møblar til vrimleareal, venterom, møterom og auditorium, seier salssjef Frode Sporsheim i Fora Form.