Medisinsk avdeling i Volda har retta kritikk knytt til plassmangel, og at dei derfor ikkje får til å drive optimalt på sjukehuset. Det har ikkje vore utvida ein kvadratmeter på 31 år i Volda.

Helse Møre og Romsdal jobbar no med ein faglig utviklingsplan og ein bygningsplan.

Sunnmørsposten har fått innsyn i e-postar sendt mellom Mona Aagaard-Nilsen og konsulentane som arbeidar med bygningsmessig utviklingsplan.

E-postane viser at Aagaard-Nilsen har ei hand på rattet når det gjeld språk, disposisjon og prioriteringar i rapporten frå konsulentane.

Mål om å ikkje utvide i Volda?

3. oktober i fjor skreiv Aagaard-Nilsen til konsulentane at planen må vere realistisk og i alle fall ikkje skape forhåpningar som i ettertid viser seg vanskeleg å realisere, og:

– Endringane i Volda verkar lite realistiske og i strid med målsettinga om å halde utviklinga av sjukehuset innanfor dagens bygningsmasse, skriv ho.

Før dette hadde konsulentane foreslått å bygge eit tak over akuttmottak og ambulansestasjon for mellom anna ein liten observasjonspost.

Konsulentane hadde også diskutert med Volda-miljøet som ønska eit påbygg med sterilsentral på taket for betre funksjonalitet, og frigjere plass til operasjonsstue og endoskopi.

Rapporten frå konsulentane blei revidert etter e-posten frå klinikksjef Aagaard-Nilsen.

«Vi avventer å legge inn bygningsmessige tiltak Volda og ser fram til tilbakemelding etter dagens møte», svarer konsulent Lars Erik Berg i Semco.

Etter møtet og i samband med framlegging av sin førebelse rapport, skriv konsulenten 5. oktober:

«Ingen bygningsmessige utvidelser i Volda er foreslått (!)».

Det er ikkje kjent for Sunnmørsposten at noko styre har vedteke eit mål om å ikkje utvide Volda sjukehus i areal.

– Kan lesast på ein annan måte

Klinikksjef Aagaard-Nilsen avviser at ho ikkje har ambisjonar for Volda, og seier at e-posten kan lesast på ein annan måte enn det ho meinte.

– Det blir lest som at det ikkje skal skje noko utvikling i Volda. Det er ikkje mi hensikt at vi ikkje skal bygge eller ha utvikling der, seier ho.

Ifølgje Aagaard-Nilsen betyr e-posten at det i første runde skal jobbast med arealoptimalisering innanfor eksisterande areal. Så må ein seinare vurdere behovet for utviding av bygningar etter dette.

– Det kan tenkast at mailen til konsulentane er bombastisk formulert, vedgår ho.

Klinikksjefen seier ho forsøkte å vere tydeleg på at utbygging ikkje skulle vere førstefokus. Ho har ikkje avvist arealutviding.

– Men du skriv at det er eit mål å halde fram innanfor dagens bygningsmasse?

– Det blir veldig firkanta tolka. Det er snakk om arealoptimalisering, og å utnytte areal på best mogleg måte. Så er det å sjå på ulike utbyggingsalternativ, presiserer ho.

– Eg ville ikkje vore så spissa

10. oktober skreiv Semco til Aagaard-Nilsen at dei har tenkt å skrive følgjande i rapporten:

«Volda sykehus drifter godt, til tross for begrensede areal. Analysene tyder på at de drifter mer arealeffektivt enn Ålesund, i tillegg forventes vekst. Dette skaper driftsmessige utfordringer i Volda. Dette kan håndteres på følgende måter: 1. Innføre nye driftsprinsipper, samt flytte servicefunksjoner ut av sykehuset. 2. Overføring av utvalgte kliniske tjenester til andre sykehus i HMR. 3. Bygge på.»

Då svarer klinikksjefen at det vil vere fornuftig å ta inn eit ytterlegare passus til Volda-kapittelet, og så:

«Jeg ville nok ikke vært så spissformulert som deg. Kunne vi klart å få en formulering på at rapporten er basert på mulige endringer av servicefunksjoner ved sykehuset, ikke bare flytte ut av sykehuset? Sistnevnte vil bare forsterke påstandene fra Volda-miljøet om nedbygging av sykehuset, jf. e-poster fra Magnulf og Anette».

Føretakstillitsvald Anette Lekve og verneombod Bjarte Jensen skreiv same dag eit kritisk brev til prosjektgruppa. Også Magnulf Gjersdal har skrive brev.

Innhaldet er hemmelegstempla av helseføretaket.

Må vente på fagleg plan

Aagaard-Nilsen meiner at prosessen knytt til bygningsmessig utviklingsplan no er inne på eit betre spor basert på erfaringane frå hausten 2017. Ho fortel at det har vore dialogmøte med tillitsvalde, verneteneste og tilsette i Volda og i Ålesund.

Det vart bråk då Sunnmørsposten i oktober skreiv om rapporten. Aagaard-Nilsen hadde ingen problem med at prosjektgruppa fekk den førebelse rapporten, men påpeikte risiko for at omkampar og innspel til planforslaget kom allereie då.

Derfor presiserte ho at konsulentane skulle skrive at det ikkje var høve til å diskutere innhald eller spreie informasjon – ei heller i eigne rekkjer.

Legg fram planar

21. februar blir den faglege utviklingsplanen lagt fram for styret med bygningsplanen som vedlegg.

Den faglege planen skal legge føringar for det bygningsmessige – og ikkje omvendt, påpeiker klinikksjefen.

– Slik det ser ut no har vi behov for å utvide areal både i Ålesund og Volda. Konklusjonen vil kome i overordna utviklingsplan, så må vi tilpasse den bygningsmessige planen til dette, seier Aagaard-Nilsen.

Les også: Kirurgisk avdeling ved Volda sjukehus kjem med kraftige åtvaringar

Avdelingssjef Mona Ryste i Volda har påpeikt at plassmangel hindrar optimal drift. ARKIVFOTO: KNUT ARNE AARSET Foto: Knut Arne Aarset