(Møre-Nytt:) Det vart 4. januar etter oppbod opna konkurs i to selskap som står bak dei fem solsentra. Selskapa er eigd av Jarleif Knotten på Larsnes. Han har i ei rekkje år drive solsenter på Sunnmøre.

- Med atterhald stod selskapet Solsenterdrift Møre AS bak tre solstudio i Spjelkavik, Volda og Ørsta, medan Volda Solsenter AS stod bak to solstudio i Fosnavåg og Ulsteinvik, fortel bustyrar, advokat Linda Brevik til Møre-Nytt.

Brun og blid Solsenter AS er franchisegivar for Brun og blid-kjeda i Noreg. Brun og blid er landets suverent største solsenterkjede med meir enn 130 solsenter i Noreg.

Møre-Nytt har ikkje lykkast i å nå administrerande direktør i Brun og blid for ein kommentar om kva som skjer med dei stengde solsentra.

På Brun og blid si heimeside vert det opplyst at alle dei fem lokala til dei konkursråka solsentra no er stengde grunna oppussing.

Første skiftesamling etter konkursen vert halde 14. februar i Søre Sunnmøre tingrett.

Denne saka vart først publisert av Møre-Nytt.