Det seier Nicolas Bourdillat og Per Torvnes Støm. Sjølve har dei med fast bergingsutstyr i sekken, spade, ekstra mat og varme klede. Det hjelper også at dei er godt trente.

– Men denne gongen gløymde vi båe den vesle varmesekken som vi plar å ha med oss. Det er ein varmereflekterande pose som kunne halde oss varme, sjølv i vinden, seier dei to.

Dermed enda det med ei dramatisk berging for dei to fjellvande karane.

Nicolas er tidlegare proffsyklist frå Frankrike, og har i tillegg mange turar i Alpane og i Sveits. Han arbeider på sportsbutikken XXL i Ålesund, men blir i vår dagleg leiar av Uteguiden si avdeling i Ålesund.

Lærar på folkehøgskule

Per er linjelærar ved Ålesund Folkehøgskule (tidlegare Borg) og er i tillegg ansvarleg for topptur valfag og topptur faglinje. Han har ein mastergrad innan friluftsliv, med fordjuping i ferdsel på ski i skredutsett terreng. Han har også skrive om ulike tema omkring vurdering av risiko og menneskeleg faktor. Han har vore turleiar i Den Norske Turistforening, og har bak seg eit halvt år med «Ski og skred». Det siste meiner han kom svært godt til nytte under denne hendinga.

Må vere førebudd

– Vi tok ingen risiko på denne turen, men vi var rett og slett uheldige. Det kan skje, men det må ein også vere førebudd på. Det gjeld å halde seg roleg. Får ein panikk, kan ein ta gale avgjerder, og det er dei mange små avgjerdene som kan skilje mellom liv og død, meiner dei.