– Vi er svært takksame til alle som var med på den kompliserte berginga. Dette kunne gå langt verre, seier ein letta Nicolas Bourdillat.

Saman med kameraten Per Torvnes Strøm hadde han 6. desember gått opp på det 1330 meter høge Ytstevasshornet mellom Stranda og Sykkylven. Begge bur i Ålesund, er røynde fjellfolk og godt trente.

Foten 90 grader rett ut

– Vi var ikkje lenge på toppen. Etter 1,5 time frå parkeringsplassen ved fylkesvegen på Strandafjellet, gledde vi oss berre til å setje utfor med randoneskia på silkeføret, seier dei to karane.

Dei første svingane gjekk flott, men lyset vart etter kvart «flatt», og det var vanskeleg å sjå terrenget.

– Eg hadde ikkje spesielt stor fart, men plutseleg kom eg bort på det som truleg var ein stein, og vart kasta opp i lufta. Då eg landa fann eg meg sjølv med venstre foten 90 grader rett ut. Beinet var knekt tvert av. Eg fekk av meg skia, og instinktivt tok eg tak i foten for å bende han på plass. Det var svært vondt, men eg fekk ikkje panikk, seier Nicolas.

Uhellet skjedde på om lag tusen meter, og det vart umiddelbart klart at han ikkje kunne kome seg ned på eigne ski. Det var heller ikkje telefondekning der han låg, berre SMS nådde gjennom.

– Kona mi jobbar på AMK-sentralen, men denne dagen var ho heime. Eg sende ho ein SMS, slik at ho kunne varsle vidare, fortel Nicolas.

Detaljane som tel

Per hadde ikkje lyst til å forlate kameraten der han låg, men etter å ha forsikra seg om at Nicolas ikkje fekk ein reaksjon, slik det er vanleg etter slike hendingar, gjekk han eit stykke høgare opp der han visste at det var telefondekning. Dermed fekk han ringt 113.

– I slike tilfelle er det dei små detaljane som tel. Korleis skal vi halde oss varme? Kor mykje mat har vi? Vi må ikkje få panikk, seier Per, som laga ei lita borg av snø til ly mot vind rundt kameraten. I tillegg delte dei på varme klede i sekken, mellom anna ei god dunjakke.

– Etter ein halv time høyrde vi helikopteret, men sikta var dårleg. Helikopteret kunne ikkje lande. Dermed vart det sett i gang ein bergingsaksjon, leia av politiet. Dei var svært profesjonelle, og sende oss heile tida meldingar om situasjonen. Men vi forstod at dette kunne ta tid, seier Per.

Medan den alpine bergingsgruppa frå Sykkylven og Røde Kors organiserte berging, prøvde dei to karane oppe i fjellet å halde varmen med å bevege seg. Nicolas slo «flikk flakk» med hendene, medan Per småjogga rundt snøborga. Heldigvis var det berre eit par minusgrader og vind, men det snødde og vart stummande mørkt ved 16-tida.

Imponert over berging

Bergingsmannskapa fann ut at to tråkkemaskiner frå skitrekket på Strandafjellet kunne vere effektive transportmidlar. Dei køyrde opp trekket, vidare opp Langedalen og opp på fjellet Tuvegga, der det var mindre fare for ras. Derifrå vinsja dei den eine trakkemaskina i ei bratt skråning for å kome så nært den skadde som mogleg. Å nytte den bratte løypa i Vassdalen, som dei to skiløparane hadde tatt opp, var umogleg.

– Vi er imponert. Strandafjellet skisenter risikerte verkeleg utstyret sitt for å berge oss, seier dei to.

Mørket og dårleg sikt gjorde at det tok ei stund for dei to vart funne.

Då hadde det gått seks timar sidan dei starta på det som skulle vere ein snartur. Det tok vidare 1,5 time å få bergingspulken med Nicolas opp til trakkemaskina, der dei to fekk varme seg på turen ned.

– Vi vart aldri kalde medan vi venta, men gleda var stor då vi forstod at hjelpa var nær. Vi er svært takksame for den jobben alle ledd i bergingsoperasjonen gjorde. Utan den, veit vi ikkje korleis det hadde gått, gjentek Nicolas og Per.

Foten til Nicolas Bourdillat knakk og stod 90 grader ut etter uhellet på veg ned frå Ytstevasshornet. Per Torvnes Strøm (tv) hjelpte og heldt motet oppe hos kameraten i seks timar. Foto: Johan Behrentz
Frå toppen av Ytstevasshornet (1330 meter) såg dei mot fjellet Tuvegga (tv) der trakkemaskinen frå Strandafjellet Skisenter tok seg opp for å berge den skadde. Foto: Per Torvnes Strøm