Ulstein må seie opp over 20 tilsette

Ulstein Power & Control omorganiserer på grunn av krevjande tider og kan måtte kutte opp mot 25 stillingar.

Nedbemannar Ulstein-konsernet har redusert staben siste åra som følgje av vanskelege tider. No mister endå fleire jobben. Arkiv Foto: Knut Arne Aarset

Konsernsjef Gunvor Ulstein er konsernsjef i Ulstein Group, som no står overfor ytterlegare kutt i staben. Arkiv Foto: Anne-Mari Tomasgard

Nyheter

Dette får Sunnmørsposten stadfesta via kommunikasjonsavdelinga i Ulstein Group torsdag morgon.

–Det er svært leitt å måtte seie opp medarbeidarar som vi gjerne skulle hatt med oss vidare. Marknaden har vore svært krevjande og ordreinngangen for Ulstein Power & Control har vore svak over lengre tid, seier konsernsjef Gunvor Ulstein via kommunikasjonsavdelinga.

Omstilling tek tid

Og Ulstein held fram:

– Omstilling tek tid og det krev mykje ressursar. Vi har tru på at dei endringane vi gjer, med å etablere to eigne selskap som skal ha fokus på Produkt og Service, skal styrke oss framover.

I meldinga frå konsernet går det fram at marknaden har vore svært krevjande dei siste åra, noko som har gitt for få ordrar for Ulstein Power & Control (UPC) både i 2016 og 2017.

Selskapet står difor overfor ei krevjande omstilling og omorganisering.

Skiljer ut eige selskap

Produktområdet, med mellom anna satsinga på automasjon og X-Connect®, blir skilt ut i eit eige selskap, det same gjeld for området Service. Til saman vil det likevel kunne bli ein reduksjon av om lag 20-25 stillingar, opplyser konsernet.

Dei to selskapa innan Produkt- og Serviceområdet vil bli lagt inn under andre område i konsernet. Om lag 35-40 personar vil jobbe i desse to selskapa.



Ulstein og EGGS Design

Nominert til gjev designpris

Prosjektet Ulstein Marine Automation er nominert til DOGA Hedersmerket.



Komplett kontrakt til luksusyacht

Ulstein Power & Control AS får store leveransar til luksusyachten med X-Bow som skal byggast på Ulstein Verft.



Fleire mistar jobben i Ulstein

Ulstein Group har sagt opp over 30 tilsette som følgje av sviktande marknad.