«Ringer av vann – sjømat for framtiden»

Herøy vgs til topps i nasjonal konkurranse

Med sjøpølser og tare vann elevar frå Herøy vgs publikumsprisen, under den nasjonale finalen i «Ringer av vann – sjømat for framtiden».

Fem elevar frå Herøy vgs fann publikumsprisen med god margin: Sander Dimmen, Sander Farstad, Sander Nærø, Sander Wefring, Elin Myklebust.Foto: Sett Sjøbein

Nyheter

Den offisielle juryen innstilte tre som gjekk til finalen. Og dei 126 deltakarane blant publikum hadde ein klar favoritt, fortel Janita Arhaug i Sett Sjøbein. Herøy vgs. vann suverent med rundt 50 prosent av stemmene, fortel ho.

Konkurransen gjekk av stabelen i tilknyting til Det Norske Måltid i Stavanger.

Ideen som elevane har jobba med er eit oppdrettsanlegg som kombinerer oppdrett av sjøpølse med tang og tare i same økosystem. Sjøpølse blir det neste stor innan oppdrett, trur elevane, og fortel at dette kan brukast både til mat og innan kosmetikk og medisin.

– Vi har allereie fått mange som er interessert i å samarbeide med oss, uttaler gruppa på fem Herøy-elevar.

Video: Her kan du sjå elevane sin presentasjon av ideen

Tang og tare lever på fotosyntesen og trekker til seg plankton og andre mikroorganismar. Sjøpølsa lever av mikroorganismar, men også av å rense havbotnen for døde organismar, utdjupar elevane.

– Sjømatnæringa er i rivande utvikling, og skulebøkene er utdatert. Når elevene deltar på innovasjonscamp, får dei kunnskap om sjømatnæringa, samtidig som dei får praktisk erfaring med innovasjon, nytenking og samarbeid, seier Sissel Tegelsrud Kolstad, dagleg leiar i Ungt Entreprenørskap Møre og Romsdal til ue.no.