Helse Møre og Romsdal vil behalde sjukehuskjøkkena i Ålesund og Volda

Kjøkken-siger som smakar

Helse Møre og Romsdal legg bort tankar om å produsere all sjukehusmaten i Molde.

Storkjøkken: Forslaget frå konsulentane fall ikkje i god jord hjå kjøkkensjef Hilde Lehmann Valde (til venstre) og Marita Andersen, då Sunnmørsposten vitja kjøkkenet på Ålesund sjukehus i oktober. No har dei derimot grunn til å sleppe jubelen laus. Arkivbilde. Foto: Nils Harald Ånstad

Protest: Bjarne Kvalsvik og Kari Ristesund starta underskriftskampanje for sjukehuskjøkkena i Volda og i Ålesund.Foto: Endre Vorren/Vestlandsnytt

Nyheter

Det stadfestar Mona Aagaard-Nilsen i helseføretaket overfor Sunnmørsposten.

Ho er klinikksjef for drift og eigedom i helseføretaket, og er prosjektleiar for ein ny bygningsmessig utviklingsplan som skal styrebehandlast 21. februar.

Sunnmørsposten omtalte i haust ein konsulentrapport som føreslo å samle matproduksjonen i Helse Møre og Romsdal i eit nytt storkjøkken på det nye sjukehuset for Nordmøre og Romsdal som skal byggjast på Hjelset utanfor Molde.

Folkeopprør

Forslaget skapte stort engasjement, og aviser og kommentarfelt – særleg på Sunnmøre – var fulle av harme over forslaget. Om konsulentane sine tankar hadde blitt sett ut i livet, hadde dei to kjøkkena på sjukehuset i Ålesund og sjukehuset i Volda blitt nedlagt, og all mat laga i Molde.

Leserinnlegg fra leder i Fagforbundet:

– Dette kom som en bombe på oss

Ivar Østrem, leder i Fagforbundet for Ålesund og Volda sjukehus, kaller sentraliseringsforslagene for vanvittige i dette leserinnlegget.

Sjukehusmaten:

«Full meny til Molde igjen?»

Smuler er også brød, sies det. Men at vi på Sunnmøre skal bli avspist med rester og de tørreste skalkene hele tiden, aksepteres ikke.

Sjukepleierforbundet:

– Mat er langt på vei medisin, det er beklagelig at forslag om storkjøkken fortsatt er med

Hovedtillitsvalgt kaller det beklagelig at sentralisering av storkjøkken og sterilsentral fortsatt er aktuelt.

Ytring om fogderi og fylke:

«Stopp galskapen, stopp Molde!»

Molde har nesten alt av offentlig makt, og de bruker den for å oppnå egne fordeler. Det påfører samfunnet svimlende ekstrakostnader!

– Eg kan stadfeste at Helse Møre og Romsdal har hatt ei evaluering i prosjektgruppa for bygningsmessig utviklingsplan før jul, og at vi no ikkje jobbar med scenario der kjøkkena i Ålesund og Volda skal flyttast, seier Mona Aagaard-Nilsen til Sunnmørsposten.

– Samling av all matproduksjon i Helse Møre og Romsdal er ute av planforslaget, seier Aagaard-Nilsen.

Svært gledeleg

Bjarne Kvalsvik og Kari Ristesund i Uavhengig valliste Sunnmøre var mellom dei som engasjerte seg sterkast i saka. I oktober lanserte dei underskriftskampanje for å berge dei to kjøkkena. Dei har samla inn over 10.000 underskrifter, og har jobba for å få møte med mellom andre helseministeren.

– Dette var svært gledeleg nytt, seier Bjarne Kvalsvik til Sunnmørsposten då vi fortel at sjukehuskjøkkena ikkje lenger er truga.

– Dette viser at dei har tatt signala frå grasrota og folket på alvor, vurderer Kvalsvik. Han fortel om svært stort engasjement rundt saka på Sunnmøre.

Kjøkkensjef og seksjonsleiar Hilde Lehmann Valde på Ålesund sjukehus har ikkje fått beskjed om at samanslåing er ute av planane då Sunnmørsposten tek kontakt.

– Vi ventar på offisiell beskjed, seier kjøkkensjefen. – Men om dette stemmer er det svært gledeleg, seier ho.

Konsulentane hadde også forslag om å samle steriliseringssentralane i det nye sjukehuset. Også dette forslaget er lagt bort.