Oppdatering: - Brannen vart meldt sløkt klokka 19.06, og brannvesenet returnerer etter å ha fått lagt snø over brannstaden. Sjølv om elden spreidde seg raskt i garasjen fekk ein berga bustadhusset som sto inntil, seier brannmeister Aage Henriksen ved 110-sentralen litt før klokka 21.

Stranda brannvesen rykka søndag ettermiddag ut etter melding om brann i ein garasje på Hellesylt.

- Det er full overtenning. Brannvesenet startar sløkking no, skreiv Møre og Romsdal 110-sentral på Twitter klokka 18.15.

Ifølgje politiet tok dei som budde i husa rundt seg ut og i tryggleik.

Ved 18.30-tida heittedet vidare frå 110-sentralen at brannvesenet hadde kontroll på brannen og at det ikkje var fare for vidare spreiing.