Mennene på 21, 24 og 39 år møter i Søre Sunnmøre tingrett denne veka for å svare for ein svært alvorleg tiltale.

Dei tre er tiltalt for å ha overfalle og valdteke ei kvinne som var  på skogstur i ei bygd på søre Sunnmøre.  Forholdet skjedde tysdag 18. juli, like før klokka seks om ettermiddagen, i fjor sommar.

Mennene har vore varetektsfengsla sidan dei blei pågripne og sikta for gruppevaldtekt i juli.

Tiltalen er teke ut på ordre frå Riksadvokaten.

Det er sett av seks dagar til behandling av saka.

Ifølgje Søre Sunnmøre tingrett er statsadvokat Magne Nyborg aktor. Dei tiltalte sine forsvararar er Axel Villads Lange, Marius Wesenberg og Mats Sakse Opshaug.

Mette Ekroll Nyland er støtteadvokat for kvinna. Retten blir administrert av sorenskrivar Elisabeth Wiik.