Clemens Kraft AS er ein av dei største utbyggarane av småkraftverk i Norge.

To eigarar

Clemens Kraft har to store eigarar: Opplysningsvesenets fond (OVF) som eig 50,1 prosent – medan det sveitsiske pensjonsfondet CPV eig resten.

OVF er underlagt Kulturdepartementet.

Eig no 25 småkraftverk

– Vi er glade for å kunne leggje til eit nytt og veldrive kraftverk til porteføljen vår, som no tel over 260 GWh og 25 småkraftverk, seier adm.dir. Børge Edvardsen Klingan i Clemens Kraft i ei pressemelding.

Ringdal Kraftverk på Hellesylt vart etablert i 2006, fekk konsesjon i 2008 og kom i drift i 2011. Det produserer årleg 17,8 GWh.

Seljarane godt fornøgde

– Vi er svært fornøgde med at Clemens Kraft, som profesjonell småkraftaktør, har kjøpt kraftverket. Det har vist seg svært vanskeleg utan stordriftsfordelar å få økonomi i å drifte berre eitt kraftverk åleine, seier Andreas Ringdal i pressemeldinga. Han er representant for seljarane.

– Det har vore viktig for oss å finne ein profesjonell eigar som sikkerheit for langsiktig god drift og tryggheit for grunneigarane si fallrettsleige, legg Andreas Ringdal til.