Tysdag kveld møtest levekårsutvalet, og møtet er lagt til nettopp Tandstad skule.

Kommunestyret vedtok før jul at skulesektoren må spare millionar kvart år framover, og rådmannen fekk i oppgåve å føreslå korleis.

Tre alternativ

Rådmannen lanserer no tre alternativ:

1. Bruke ostehøvelmetoden, og kutte ved alle skulane, noko som betyr over ei heil lærarstilling mindre både ved Ullavik, Aure, Vik og Sørestranda.

2. Leggje ned Tandstad skule frå komande haust av, og sende elevane til Sørestranda skule.

3. Leggje ned Tandstad skule frå hausten 2019.

Størst effekt

Råmannen vurderer alternativ to som best og med størst effekt. Ho legg til at det bør vere mogleg for kommunestyret å kunne ta stilling til sjølve nedleggingsspørsmålet på møtet sitt 14. mai.

– Snakk om å utgreie

Kommunalsjef Bjørnar Midtbust i Sykkylven presiserer måndag kveld følgjande til Sunnmørsposten:

«Rådmannen foreslår ikkje å legge ned Tandstad skule frå hausten. Rådmannen rår kommunestyret til å be om å få framlagt ei sak om eventuell nedlegging. Dette spørsmålet skal så takast stilling til etter ei grundig og inkluderande sakshandsaminga. Det er altså snakk om å utgreie spørsmålet om nedlegging.»