Helse Førde fekk melding klokka 11.09 om utforkøyringa. Bilen skal ha velta på Utvikfjellet, som har ein fjellovergang på grensa mellom Gloppen og Stryn i Sogn og Fjordane.

Ein person var involvert i ulykka. Personen vart undersøkt av helsepersonell frå ambulansen og dimittert på staden.