(Vikebladet:) Det er Hareid kommune og Kystverket som deler ansvaret for vedlikehald og eventuelle reparasjonar av dei to moloane som omkrinsar ferjeanløpet på Hareid.

Bakgrunn: Både ferje og molo skadd etter samanstøyt

– Hareid kommune fekk i løpet av måndag tips frå publikum om at ei ferje hadde hatt ein samanstøyt med moloen. Hareid kommune rykte då ut for å inspisere skadane. Det har oppstått ein del skader på moloen, men det er vanskeleg å seie kor store skadar som har oppstått reint strukturelt. Dette må undersøkjast nærare, seier Christina Steffenssen, som er einingsleiar for kommunalteknikk og VAR i Hareid kommune.

Brasa inn i moloen

Det var altså natt til måndag denne veka at bilferja «Tidefjord» grunna sterk vind ikkje klarte å kompensere i tide då den hamna på feil kurs inn mot ferjeanløpet på Hareid. Dette fortalde ferjeselskapet Norled sjølv i intervju med Sunnmørsposten dagen etter, og bekrefta det også ovanfor Vikebladet Vestposten. Dette førte så til at ferja gjekk rett i ytre molo, og med det forårsaka store skadar.

Av synlege skadar førte krasjen til at det har danna seg ein stor sprekk mellom betongseksjonane på moloen, ein lyktestolpe er slått skeiv, og området der baugen har treft betongmuren har fått seg ein solid bulk.

Ønskjer betre merking

Regionsjef for ferjer i Norled, Inge-André Utåker, fortel til Vikebladet Vestposten at han fekk rapportar om at lyset på moloen var av i det aktuelle tidsrommet hendinga fann stad. Dette har Hareid kommune sjekka opp med BKK Enotek, som driftar lysa for kommunen.

– Dei har ikkje registrert feilmeldingar på lysa på moloane i tidsrommet for hendinga. Korkje Hareid kommune eller BKK Enotek har fått varsel om at moloen var mørklagd, seier Christina Steffenssen.

Som følgje av hendinga vart ein stolpe ståande skeiv, slik at ei leidning fall ut. Dette vart fiksa same dag har Hareid kommune fått opplyst av BKK Enotek.

– Eg litar på det mannskapet har fortalt til meg, og dette kjenner eg ikkje til utover den informasjonen eg har fått. Noko som ellers kan nemnast er at Kystverket burde få på plass betre merking på moloane, og helst også fenderar, seier Utåker i Norled.

– Dette er vi vande med

Regiondirektøren i Kystverket, Harald Tronstad, har fått med seg den siste hendinga på Hareid.

– Dei køyrer stadig på moloane, men dette er vi vande med. Dei går jo forbi desse moloane mange gonger for dag, og har nok av godt utstyr om bord, så ein skulle tru at dette er situasjonar ein kunne unngå. Vi har ikkje vore og kika på det enno, men vi skal utarbeide ein tilstandsrapport. Dette kan også vere ein forsikringsskade, som ferjeselskapet då må bidra for å dekkje, seier Tronstad.

Denne saka blei først publisert i Vikebladet.