(Møre-Nytt) Rådmann Wenche Solheim var krystallklar overfor formannskapet i Ørsta tysdag. Dersom det skal søkjast bypakke for Ørsta/Volda, må bomstasjonane kome i tilknyting til sjølve Voldatunnelen og på den vegen som vert avlasta. Det vil seie ein stad langs noverande E39 frå Volda sentrum til Furene, mest truleg ved den tidlegare pleieheimen.

Dette er også i samsvar med det styringsgruppa for prosjektet har kome fram til. Styringsgruppa er samansett av representantar frå Statens vegvesen og ordførarane og rådmennene frå Ørsta og Volda.

Då saka vart presentert for Volda formannskap, kom det fram at Volda-politikarane ikkje vil godta dette. Dei vil i tillegg ha ein bom i Hovdebygda. Synspunktet er at så lenge prosjekt i Ørsta kommune skal vere med i bompengepakken, må det også vere ein bom i Ørsta, til dømes i Hovdebakken.

Urimeleg ubalanse

Dette avviser Ørsta-rådmannen. Ho argumenterer med at ein bomstasjon både mellom Furene og Volda på dagens E39 og i Hovdebakken vil medføre ein urimeleg ubalanse.

– Allereie i dag pendlar det dagleg om lag tusen frå Ørsta til Volda og 750 frå Volda til Ørsta. Desse vil måtte betale uansett. Vidare vil folk som kjem frå ytre uansett til å reise til Volda, fordi dei må på arbeid/ærend på sjukehuset og høgskulen. Men Ørsta vil dei avvise fordi det er fyrst og fremst som handelsstad dei oppsøkjer Ørsta. Avvisingseffekten vil då verte mykje større for Ørsta enn for Volda, forklarte rådmannen i formannskapet.

Ho poengterte at trafikantane i Ørsta uansett er dei som betalar med å ha ein bomstasjon på dagens E39 mellom Furene og Volda sentrum.

Denne bomstasjonen kan kome lenge før sjølve arbeidet med Voldatunnelen startar. Dette er avhengig av at Stortinget godkjenner ein bypakke for Ørsta og Volda. Med ei slik godkjenning, er det mogleg å ta inn førehandsinnkrevjing av bompengar.

Betent

Bompengesaka for Ørsta og Volda er no ganske betent. Volda har bedt om at det vert sett ned ei ny felles arbeidsnemnd som skal forhandle vidare om bompengepakken. Dette avviser politikarane i Ørsta formannskap.

– Vi veit vi skal ha eit felles formannskapsmøte den 21. februar om denne saka. Å setje ned ei ny arbeidsgruppe for dette møtet, ser eg inga hensikt i, seier ordførar Stein Aam.

Prosjekt

Hovudprosjektet i ein bypakke for Ørsta og Volda, er sjølve Voldatunnelen. Han er kalkulert til 1,14 milliardar kroner, inkludert nye veg- og kryssløysingar i høgskule- og sjukehusområdet i Volda. Vidare er det i basispakken som styringsgruppa går inn for teke med kollektivtiltak for begge kommunane, utbetring av flyplasskrysset, gang- og sykkelvegar mellom Ørsta og Volda, ny bru over Øyraelva og opprusting av Osbrua, miljøtiltak i Ørsta og Volda sentrum og planleggingsmidlar til Ørstafjordkryssinga. Dette utgjer nær 400 millionar kroner.

Formannskapsmedlemmene i Ørsta er samstemte om strategien vidare, og støttar ordføraren og rådmannen.

– Det er ingen grunn til å endre syn. Det er Volda formannskap som er problemet her. Hugs at utfordringa med Voldatunnelen for Ørsta er at trafikken vil auke gjennom Ørsta sentrum. At vi då må bruke midlar for å få eit leveleg sentrum er ein dyd av nødvendigheit, sa Per Are Sørheim (H).

Saka sto først i Møre-Nytt.