Vikebladet: Denne veka blei ei jente filma i det ho gjekk laust på og banka ei anna jente i fellesarealet på Blåhuset. Videoen av den alvorlege hendinga har i ettertid spreidd seg vidare til andre, og den går no viralt på Søre Sunnmøre. Lensmann ved Ulstein og Hareid lensmannskontor, Hans-Eirik Pettersen, ser svært alvorleg på saka. Han fortel at hendinga virkar å ha vore planlagt på førehand.

- Sett i lys av kva for type hending dette var, så har ikkje vi sett noko som liknar ei så alvorleg hending her før. Dette er veldig unge personar, jenter i ung alder. Det skjer på eit kjøpesenter midt på høglys dag. Det er ei veldig alvorleg valdshending, som ber preg av at den eine parten er ute etter den andre parten. Den ber også preg av å vere godt planlagt. Vi reagerer også på at fleire av dei andre ungdommane som var til stades når dette skjedde ser ut til å heie på jenta som slår og dei som har vore med på å planlegge dette angrepet, seier Hans-Eirik Pettersen.

Lensmannen seier at han i lys av hendinga blir uroa over kva for haldningar som fører til at noko slikt kan skje.

- Samstundes tek heldigvis ein av personane som var til stades motet til å få stoppa situasjonen, seier Pettersen.

Hjerneskaking og kjevebrot

Jenta som blei banka opp blei ifølgje lensmannen sendt til sjukehus, der det blei konstatert at ho har fått ei hjerneskaking. Vikebladet Vestposten erfarer at jenta også skal ha fått eit kjevebrot, men det kan ikkje lensmannen bekrefte på noverande tidspunkt.

Pettersen fortel at dei to jentene går på same ungdomsskule, og at begge er 14 år gamle.

Tok tak i saka direkte etter tips

Hans-Eirik Pettersen fortel at politiet fekk tips om hendinga, og at etterforsking av saka blei sett i gang direkte etter dette.

- Vi følgte opp dagen etter tipset med å setje i gang ordinære etterforskingstiltak. Vi er også i gang med eit godt samarbeid med andre aktuelle aktørar. Skulen jentene går på er også involvert, og her har rektor og andre i administrasjonen sett i gong eigne tiltak, seier Pettersen.

Politiet har sikra seg fleire videoar av hendinga, mellom anna frå Blåhuset sine eigne overvakingskamera.

- Vi har gjennom etterforskinga også kome fram til at det skal ha skjedd ei liknande hending i slutten av førre veke, der det også verserer ein video. Vi jobbar no for å sikre oss andre moglege overvakingsbilete. Vi ønskjer å danne oss eit heilt og fullt bilete av kva som har skjedd, og korleis dette heng saman, seier Pettersen.

- Prega av konflikt og hemn

Pettersen fortel at inntrykket til politiet så langt er at situasjonen som blei fanga på film er éin situasjon knytt til ein større situasjon prega av konflikt og hemn. Vikebladet Vestposten har dessutan frå fleire hald fått tips om at hendinga kan koplast til gutegjengen som lensmann Pettersen fortalde om til avisa tidlegare.

- Dette kan eg ikkje kommentere utover det at vi sjekkar ut ei mogleg kopling. Det vil nok vere litt på sida av dette. Men vi snakkar uansett om eit ungdomsmiljø som ikkje er større enn at ein kjenner til kvarandre, seier han.

Lensmannen fortel at det fredag blir gjennomført tre nye avhøyr på politihuset i Ulsteinvik.

- Dette er snakk om ungdommar på 14 år. Dei er dermed under kriminell lågalder, og det blir difor ei litt anna type handtering av hendinga frå vår side enn den tradisjonelle straffesakshandsaminga. Det vil bli gjennomført bekymringssamtalar, som igjen blir tatt vidare til ei mogleg konfliktrådshandsaming av saka. I denne fasen går det på undersøkingar frå vår side, og samtalar og tiltak i samarbeid med andre aktørar, seier Hans-Eirik Pettersen avslutningsvis.

- Dette tek vi tydeleg avstand frå

Rektor ved den aktuelle skulen fortel til Vikebladet Vestposten at dei har gjort fleire grep etter at den alvorlege valdshendinga blei gjort kjent for dei.

- Dette er noko som ikkje angår skulen vår direkte, det skjedde på fritida, og er no ei politisak grunna alvorsgraden. Men, samtundes, når dette gjeld to av våre elevar, er det naturlege for oss å vere ein god samarbeidspartnar i forhold til politiet, for å på best mogleg måte følgje opp dei involverte. Vi har sett i gang naudsynte tiltak, og tek sjølvsagt tydeleg avstand frå det som har skjedd, seier rektoren.

Denne saka vart først publisert på Vikebladet