(VIKEBLADET): – Utfordringa er å få desse gutane til å endre haldning, å få dei inn på eit anna spor, seier lensmann Hans-Eirik Pettersen.

Han snakkar om gutekulturen politiet har avdekt i Hareid og Ulstein, ein gjeng på ti-femten ungdomar i 15-17-årsalderen som søkjer spenning.

– Vi ser at dette er svært komplisert å handtere. Det er mange som har ei rolle her, både politi, foreldre, skule, barnevern og idrettslag. Den eine er ikkje viktigare enn den andre, men eg har tru på at eit samarbeid kan få gutane på betre tankar, seier lensmannen.

Politiråd

Hans-Eirik Pettersen starta i jobben i fjor haust og kalla då ordførarane og rådmennene i Ulstein og Hareid inn til eit møte. Politiråd vart innført på landsbasis i 2006 og skal vere eit formalisert samarbeid mellom lokalt politi og kommunar. Målet er samarbeid om tryggleik og å førebygge kriminalitet, ifølgje nettsidene til Regjeringa.

Ordførarane i Hareid og Ulstein er positive til eit slikt samarbeidsorgan.

– For oss i Ulstein er det viktig å jobbe med haldningsskapande arbeid og førebygging. Vi har stor tru på at dette skal gje positive resultat, seier Knut Erik Engh i Ulstein.

– Vi snakka om førebyggande tiltak på møtet med nyelensmannen i fjor haust, og her i Hareid har vi til dømes auka satsinga på lokalt førebyggande arbeid i barnevernet, seier ordførar Anders Riise.

Begge kommunane har sett av pengar i 2018 til å spleise på ein SLT-koordinator saman med politiet. SLT står for Samordning av lokale rus- og kriminalitetsførebyggande tiltak.

Får oppfølging

Gutane som har den siste tida har vore involvert i lovbrot, får no det som heiter ungdomsoppfølging frå Konfliktrådet. Målet er å få ungdomane på betre tankar.

– I tillegg skal eg peike ut to politibetjentar som skal ha oppfølging av desse gutane som ei av sine hovudoppgåver, seier Pettersen.

Neste møte i politirådet skal vere i midten av januar.

– Samarbeidet er forpliktande, og vi skal evaluere det etter kvart, seier lensmannen.

Denne saka vart først publisert av Vikebladet Vestposten