Fredag tok Iris Fivelstad frå Stranda over kommandoen på fregatten KNM Otto Sverdrup under ein seremoni ved marinebasen Håkonsvern.

Sunnmøringen med den militære graden kommandørkaptein, vart dermed den første kvinnelege skipssjefen på eit slikt militærfartøy i Norge.

– I det sivile livet er eg vande til at mange gir det stor merksemd, men personleg har eg ikkje møtt barrierar, og har møtt berre opne dører, seier den nybakte skipssjefen til Sunnmørsposten.

Les portrettintervju frå april 2017: Iris – den hardbalne

Fredag gleda ho seg over å ha familien på besøk og såg fram til å ta dei med ut på middag.

– Det har vore ein fantastisk dag med ein flott seremoni om bord, seier ho.

– Fantastisk kjensle

42-åringen har segla på ulike marineskip i 11 år og svarar slik på spørsmålet om kva som gjer at ho ønska jobben som skipssjef.

– Det er utfordrande og givande å vere ein del av eit godt team. Særleg når det kokar i operasjonsrommet og ein gjer avanserte øvingar ein har planlagd på førehand – og det fungerer. Det gir ein fantastisk kjensle av meistring. Eg samanliknar det med å vere spelande landslagstrenar, seier ho.

Fivelstad har normalt eit mannskap på 130 personar om bord på fregatten i Nansen-klassen, men kan i tillegg ta om bord eit 40-tals personar alt etter kva oppdrag dei er ute på.

Stor Nato-øving

No er fartøyet nett heime etter å ha vore eit halvt år på oppdrag for Nato og den næraste tida blir det roleg. Men til hausten kjem skipssjefen og krigsskipet til heimelege farvatn, under den store Nato-øvinga Trident Juncture.

– Då vil vi vere i farvatnet utfor Nordvestlandet og Trøndelag saman med mange andre fartøy. Vi har våpen med lang rekkevidd, så vi må bruke store havområde for å øve, seier ho.

Hotelleigar

I det sivile liv er Fivelstad også hotelleigar heime i Hellesylt. Etter stor innsats blei Villa Norangdal i Nibbedalen gjenopna for om lag ti år sidan.

– Eg fekk moglegheita til å bevare dette familieklenodiet, men eg kan ikkje vere til stades å drive det, seier ho og legg til at den ærverdige overnattingsstaden i fjor truleg hadde den beste sesongen nokon gong.

(saka held fram under)

Har fått varslar frå kvinner

Då Sunnmørsposten spør om ho som kvinne har særskilde eigenskaper som skipssjef, påpeiker Fivelstad at det er mange erfaringar og opplevingar ho har hatt gjennom livet som har ført ho dit ho er i dag – som ikkje har å gjere med at ho er kvinne:

– Vi kvinner er nok like forskjellige som alle menn, seier ho.

I desse metoo-tider er det likevel naturleg å spørje om sjøoffiseren har oppleveringar som ho vil plassere i ein slik bås.

– Av og til møter ein folk som gir deg uønskt merksemd, men personleg har eg ikkje hatt behov for å varsle om noko eg har opplevd, seier ho.

Fivelstad har opplevd at kvinner har teke kontakt med henne for å fortelje om episodar, og ho trur det kan ha å gjere med at ho er kvinne.

– Men Forsvaret har i dag eit godt apparat til å ta tak i slike saker, og eg meiner vi har gode kanalar til handtere det på ein ryddig måte, seier ho.