I laurdagsavisa omtalte vi ei alvorleg hending der ei ung jente gjekk til åtak på ei anna jente, slo og banka henne, på eit kjøpesenter i Ulstein. Valden var så brutal, at jenta måtte sendast til sjukehus. Ein video, opphavleg filma og sendt gjennom Snapchat, viste jenta som gjekk til åtak, og at andre passivt såg på. Begge jentene var mindreårige. Videoen vart spreidd mellom ungdommar på Søre Sunnmøre. Og nettopp det at spreiing av valdeleg innhald gir status i visse miljø, gir grunn til stor uro.

I Medietilsynets undersøking frå 2016 svarte ein av ti norske ungdommar mellom 13 og 16 år at dei sjølve har oppmoda til vald gjennom sosiale medium – eller dei kjenner nokon som har gjort det.

Sosiale medium fungerer som katalysator for alvorleg ungdomsvald. Det er konklusjonen i ein engelsk forskingsrapport frå 2017. Video, bilde og kommentarar på nett kan heve spenningsnivået og provosere fram hemnaksjonar i den verkelege verda. Ofte handlar det om å forsvare ære og status. Forskarane meiner at deling av valdelege videoar aukar i omfang, fordi vaksne ikkje aner kva som går føre seg. Dette er ei «skjult verd» for mange.

Nettopp for å dokumentere råskapen i ungdomskulturen i vårt eige lokalsamfunn, publiserte Sunnmørsposten ein video av den valdeleg hendinga i Ulstein, godt anonymisert, på smp.no fredag. Dersom vaksne ikkje veit kva som går føre seg, er det ikkje mogleg å få slutt på brutaliteten.

Etter tre timar fjerna vi videoen. Like viktig som å dokumentere råskapen, er det å hindre at vidare publisering gjer meir skade enn nytte: På Facebook var det vaksne som tok til orde for at den mindreårige jenta som slo, burde få ein skikkeleg omgang juling. Men det er aldri meir vald som er løysinga. Det siste vi treng er vaksne som ropar på hemn.

Som vaksne må vi vere tydelege på at all bruk av vald er uakseptabelt. Empati må lærast. Sirkelen av hemn må brytast. Takk til lensmann Hans -Eirik Pettersen som har varsla offentlegheita om den alvorlege hendinga. Han er uroa over haldningane som ligg bak ugjerninga, og det er det all grunn til. Politiet har ei svært viktig rolle, og dei treng støtte frå alle gode krefter for å stanse utviklinga av ein valdeleg ungdomskultur.