I eit brev til Fylkesmannen i Møre og Romsdal klagar ni personar på korleis møtet i levekårsutvalet i Sykkylven vart gjennomført 16. januar.

På møtet tilrådde utvalet, med seks mot tre røyster, at Tandstad skule blir lagt ned frå komande haust av.

Ut av rommet

I klaga skriv dei ni at under handsaminga av denne saka gjekk alle politikarane ut av møterommet, samla seg på eit anna rom og lukka døra. Det vart ikkje røysta over om møtet skulle vere lukka.

– Det vart opplyst ovanfor publikum at dei skulle gå i gruppemøte. Då utvalet kom attende gjekk møtet raskt vidare med avstemminga, skriv klagarane.

– Dette er ikkje riktig. Vi samle oss ikkje i eitt rom. Vi gjekk til gruppemøte, og fordelte oss på fire rom. Så gjekk vi tilbake til rommet der møtet var, seier Strømmegjerde.

Han var ikkje kjend med at det var send ein klage til fylkesmannen då Sunnmørsposten kontakta han måndag morgon.

Men dei ni klagarane er altså ikkje overtydde om at det var noko vanleg gruppemøte:

Kommunelova

– Vi ber med dette fylkesmannen om å undersøkje om kommunelova paragraf 31 sine reglar om møteoffentlegheit vart følgd i samband med denne delen av møtet, skriv dei i klaga.

Jarle Strømmegjerde, som for øvrig var ein av dei tre som røysta imot at Tandstad skule bør leggast ned, har ikkje noko problem med at fylkesmannen går levekårsutvalet nærare etter i saumane.

Samtidig med at det er sendt inn klage, så er det også oppretta ei initiativtakargruppe for etablering av Tandstad Privatskule, altså etablering av ein privat skule i Straumgjerde, slik det også vart oppretta i Velledalen og Hundeidvik då desse to bygdene mista dei kommunale skulane sine.

– Eg har høyrt rykte om eit slikt initiativ, seier Strømmegjerde. Han stadfestar at ei etablering av ein privatskule vil ha økonomiske følgjer.

Mellom anna blir dei statlege overføringane mindre, samt at kommunen må betale for skuleskyss og eventuell spesialundervisning ved privatskulane.