Gomerhuset var nesten fullt, og lengst applaus fekk Modolf Hareide, tidlegare Skodje-ordførar og pensjonert polititenestemann. Han fortalde at han er villig til sivil ulydnad i denne saka.

Motorveg

Strategisjef Kjetil Strand frå Vegvesenet var der for å fortelje kvifor dei anbefaler E39 gjennom Svartløken-området: Vi må planlegge for motorveg med 110-sone. Derfor er K3 å anbefale, sa Strand.

Andre la vekt på at både samfunnsøkonomi og friluftsinteresser er argument for å la E39 gå over Ørskogfjellet.

Vinje Aurdal i tenkeboksen

Det knyter seg ei viss spenning til kva Ålesund-politikarane vil lande på. Ålesund-ordførar Eva Vinje Aurdal var ein av tilhøyrarane på Skodje i kveld.

Deretter antyda ho at ho kanskje heller mot det alternativet som er mest samlande. Vegtraseen som for tida er mest samlande blant kommunane på Sunnmøre er K2 over Ørskogfjellet.

Uventa frå Haram

Også Haram formannskap har uventa gått inn for Ørskogfjellet, etter at ordførar Vebjørn Krogsæter annonserte at han rekna med eit anna utfall. Formannskapet skriv i vedtaket i dag at dei er redd heile vegprosjektet blir utsett dersom K3 gjennom Svartløken blir valt.

Frå Haram kom Oddbjørn Vatne, tidlegare leiar av samferdselsutvalet i fylket. Han har ikkje gitt opp håpet om å trekke K3-traseen nærare Haram, og kanskje med innslag i Grindvika i Skodje slik K3.2-alternativet skisserer.

Halverer reisetida mellom Ålesund og Molde

Fylket kjem med si innstilling torsdag. Fylkesplanleggjar Ole Helge Haugen antyda at dei vil legge vekt på det som kommunane meiner.

Det viktigaste med ferjefri E39 er ikkje om vegen går over Ørskogfjellet eller gjennom Svartløken, men at det blir ferjefritt, understreka Haugen. Tal som vart presentert på møtet viser at reisetida mellom Molde og Ålesund uansett blir omtrent halvert.

– Det er viktig å bygge fylket saman. Det som tel er å få på plass ein veg, og så fort som mogleg. Erfaringa er at sysselsettingsveksten aukar med storleiken på funksjonelle bu- og arbeidsmarknadsregionar, sa Haugen.

Må ikkje bomme på bompengar

Kva det heile kjem til å koste i bompengar mellom Ålesund og Molde? Det lurte fleire på.

Nivået på bompengane er noko som politikarane må bestemme, sa Kjetil Strand frå Vegvesenet.

– Bommar ein på prisinga, så er ein i trøbbel – men prisinga på bompengeprosjekt i Norge i dag har ikkje særleg avvisingseffekt, ifølge fylkesplanleggjar Ole Helge Haugen.

Ålesund-ordførar Eva Vinje Aurdal sa ho ikkje har bestemt seg for E39-trasé. Foto: Per Ove Stige
Nesten fullt i Gomerhuset på folkemøtet om E39-trase. Foto: Per Ove Stige
Strategisjef Kjetil Strand frå Vegvesenet. Foto: Per Ove Stige
Kart: Statens vegvesen