Eigedomsselskapet melde sjølv oppbod. Advokat Jahn Waage Aurdal har fått oppdraget som bustyrar.

I tillegg til ei gjeld på over åtte millionar kroner, har styret rekna den samla verdien i selskapet til cirka 2,2 millionar kroner. Selskapet har ingen tilsette.

Selskapet vart ifølge eigne nettsider etablert i 2006, med mål om «å utvikle et totalkonsept for boligkjøpere, fra tomt- til nøkkelferdig bolig».

Vigra Eiendomsalg AS opplyser på sine heimesider at dei eig eit tomteområde på Vigra. Men selskapet kom ikkje langt med sine planar før dei hamna i trøbbel.

Ein einebustad vart oppført på Vigra, og lagt ut for sal for 3,5 millionar kroner. Men det var berre eitt problem: Det var ikkje lov å bu i huset.

Vigra Eiendomsalg AS hadde sikra seg løyve til å starte på grunnarbeidet, men det vart aldri gitt bruksløyve. Og den dag i dag er det framleis ikkje gitt bruksløyve.

Giske kommune opplyser til Sunnmørsposten at bustaden ikkje er ferdigstilt og tilkomst ikkje er opparbeidd. Det er altså framleis slik at det ikkje er lov å bu i denne einebustaden.

Så vidt Giske kommune kjenner til har bustaden ikkje endra eigar - altså er det framleis Vigra Eiendomsalg AS som er tiltakshavar for bygget.

Lagar kreditorliste

Advokat Jahn Waage Aurdal seier det er blitt gjennomført møte med eigar av selskapet.

Waage Aurdal stadfestar at selskapet har, eller har hatt, disposisjon og råderett over fleire eigedomar i Giske kommune. Men han understrekar at han så langt ikkje kjenner til alle eigarforholda i detalj.

– Vi har nettopp kome i gang med innhenting av informasjon. Det handlar mellom anna om å få tak i rekneskap for selskapet og tilskrive aktuelle kreditorar, seier han til Sunnmørsposten.