Toppdekket på Nerlandsøybrua vart skrella bort for å minke vekta – no stikk armeringsjarn rett opp i dagen

Dette seier Lenilda Crus de Souza frå Kvalsund på Nerlandsøya. Måndag var ho på veg mot jobben i Fosnavåg, då det eine bildekket fekk eit kvasst møte med eit rusta armeringsjern som stakk opp.

Bilen vart rar

Dette skjedde på høgre side av vegbanen, litt nedanfor toppen av Nerlandsøybrua i Herøy.

– Eg merka at bilen vart rar, men oppdaga ikkje at det var ei punktering før eg var framme på jobben i Fosnavåg.

– Dette kan vere fordi det var bakhjulet som vart treft. Viss det var framhjulet kunne det vore mykje verre, grøssar Lenilda.

Mannen Frank Arild Hansen sette straks både tankane og seg sjølv i sving då han fekk telefon om punkteringa.

– Eg forstod at dette måtte ha noko med dekket på brua vår å gjere. Eg har sett rusta armeringsjern kvar gong eg køyrer over her, og eg har i grunnen berre venta på at noko skulle skje.

– Når det først skjedde, så trefte akkurat oss. Men når det først skjedde så er eg også utruleg glad for at kona mi er ein varsam og lite fartsglad sjåfør, at det ikkje trefte framme – og at dekket ikkje eksploderte, seier Hansen.

Saumfór brua til fots

Tysdag saumfór han brua på Igesund-sida (sørsida) grundig, og han fann det han leitte etter.

– Ja, eg fann staden og brotet der jernbiten eg hadde med i lomma var riven laus. Denne fekk eg på bilverkstaden som tok seg av punkteringa, fortel Hansen. Han er svært kritisk til at Statens vegvesen, som øvste ansvarleg, let det stå til med trafikk på ei bru med laust og rusta jarn i overflata.

– Når dei går over og sjekkar treng der ikkje vere oppstikkande jarn akkurat der og då. Men både den daglege slitasjen av over 2.000 bilar, og ikkje minst snøplogen, løyser når som helst nye endar som stikk opp frå armeringa, mest som ei nålepute.

Sunnmørsposten 2012: Brusjokk for øysamfunn

– Nei, dette må det takast tak i umiddelbart, krev Hansen. Han prata med ein inspektør frå Mesta, som hadde sjekka brudekket måndag ettermiddag. Men utan å finne nye lause bitar. – Ingen kan jo gå døgnvakt her for å passe på når det skjer. At det vil skje igjen, det er garantert. Men om det vil gå like bra då som det gjorde med oss, det er ikkje garantert, insisterer Frank Arild Hansen.

(saka held fram under)

Problembrua

Inspektøren frå Mesta fann altså ikkje noko akutt å setje fingeren på under den manuelle inspeksjonen tysdag, fekk Sunnmørsposten stadfesta. Men for både Statens vegvesen og for vegeigaren Møre og Romsdal fylkeskommune er denne brua ei lei nøtt. I november i år konkluderte ein rapport med at brua er trygg. Men det galdt tydelegvis først og fremst for undersida.. .