I følgje avisa er Stranda Panorama Hotel AS, eit «landskapshotell» med inntil 15 romeiningar og eventuelt eit fellesbygg heilt i startfasen.

Etter det Sunnmøringen forstår blir det eit oppstartsmøte om prosjektet denne veka.

Svein Odd Langlo er dagleg leiar av selskapet som har ein aksjekapital på 150.000 kroner. Han seier til Sunnmøringen at han vil tru plasseringa ved Roalden vil vere attraktiv. Utover det ønskjer han ikkje å kommentere saka "før han er klar for det".

Førebels er det ingen skisse over korleis landskapshotellet vil ta seg ut ved Roalden. Dette skal vere klart til oppstartsmøtet, men i det som blir kalla detaljregulering for hotellet, utarbeidd av Nordplan AS på Nordfjordeid, er det planlagt 15 romeiningar fordelt på fleire bygg av ulik storleik.