– Vi vil lage noko som er eksotisk og unikt, noko som vekker oppsikt både i inn- og utland, som vil trekke fleire besøkande til området vårt.

Det seier Svein Odd Langlo, som saman med sonen Jan Bjørstad Langlo har skipa Stranda Panorama Hotell AS.

15 einingar

Først såg dei for seg å bygge enkeltståande einingar, no går det derimot i retning av at dei kjem til å samle bygga under same tak.

– Vi ser for oss inntil 15 einingar med til saman 30 sengeplassar, men kjem til å ha ei trinnvis utbygging.

Hotellet er tenkt plassert nedanfor Paviljongen på Roalden. Der vil overnattingsgjestane få panoramautsikt over fjord og fjell:

– Tenk deg å sovne til denne utsikta, for så å vakne opp til han igjen neste dag. Dette skal bli meir enn ei vanleg overnattingsbedrift. Det skal bli ei oppleving å bu her. Gjestane tek gondolen opp, bur hos oss – og inntek måltida i Paviljongen, seier Svein Odd Langlo – som legg til at ein avtale med Strandafjellet Skisenter er på plass.

Han meiner dette høgst spesielle hotellet vil rette seg mot eit anna publikum enn dei som bur på hotellet på Stranda. Difor ser han ikkje nokon konkurranse. Tvert imot vil Stranda Hotell, som driv Paviljongen, få auka sine inntekter.

Pengar trengst også til å bygge nytt på fjellet:

– Har det nyskipa selskapet kapital til ei slik utbygging?

– Vi har ikkje alt som skal til. Men dette er noko som det blir arbeidd med no.

– Når kan bygginga starte?

– Vi satsar på å kome i gang neste vår, svarer Langlo.LES OGSÅ: Berre tre skisenter har eit samla overskot dei siste fem åra

Begeistra ordførar

Jan Ove Tryggestad, ordførar i Stranda, er begeistra:

– Eg er blitt halden løpande orientert under vegs i samband med planlegginga. Alle eventualitetar er ikkje rydda av vegen enno, men dette er verkeleg nyskapande, seier Tryggestad.

– Samtidig er det viktig at ei slik utbygging så høgt til fjells tek omsyn til dei andre aktivitetane som er der.

Ein annan som er begeistra er reiselivssjef Tom Anker Skrede:

– Dette kan bli eit spektakulært tilbod, eit viktig supplement til dei overnattingstilboda vi har i dag. Eg kjenner ikkje til andre hotell som kan lokke med ei slik utsikt. Og eg har heller aldri besøkt eit hotell med gondol, seier Skrede.

Svein Odd Langlo (bilete) har skipa selskapet Stranda Panorama Hotell AS saman med sonen Jan. Foto: Nils Harald Ånstad
Tom Anker Skrede, reiselivssjef i Destinasjon Ålesund og Sunnmøre, er begeistra over hotellplanane på Strandafjellet. Foto: Terje Engås