– Dessutan er det lettare å bygge forbikøyringsfelt på Ørskogfjellet enn gjennom Svartløken der mykje av vegen er tenkt i tunnell, trur Vestnes-ordførar Geir Inge Lien.

Han anbefaler derfor E39 over Ørskogfjellet, ikkje gjennom Svartløken slik Vegvesenet har innstilt.

– Sparer inn dei tre minutta

Om kommunestyret i Vestnes meiner det same veit han ikkje.

– Eg er veldig opptatt av å få raskare veg til Sunnmøre. Vi bruker lenger tid til Sunnmøre i dag enn for ti år sidan. Dette kjem av den auka trafikken på strekninga. Med tofelts-/ trefeltsveg sparer vi inn dei tre minutta ekstra det tar over Ørskogfjellet. Svartløken med lang tunnell blir ikkje god veg før ein firefelts er på plass, meiner Lien.

Øydelegg Tomrefjord

Det som Vestnes er samstemt om, er at E39 bør gå i tunnel utanom Tomrefjord og heilt til Vik, seier Lien. Ein slik tunnell er teikna inn som B-alternativ både for Svartløken-traseen og for Ørskogfjell-traseen.

– Dette meiner eg sterkt og inderleg. Open veg gjennom Tomrefjord, slik Vegvesenet har innstilt, vil gå gjennom gardar og næringsareal. Dette standpunktet er Vegvesenet godt kjent med, etter eit møte Vestnes Næringsforum hadde med Kjetil Strand, seier Lien.

Vestnes meir interessant

Uansett er Møreaksen og ferjefri E39 ei gladsak for Vestnes.

– Det er mange bedrifter i fylket som har ringt meg og sagt at Vestnes blir ein interessant plass, akkurat som Digerneset. Men då må vegen stå klar også mot Sunnmøre, understrekar Lien.

– Vi må bygge Mørebyen i hop, seier han.

Mer om denne saka:

K3.1 gjennom Svartløken er tre minutt raskare enn K2.0 over Ørskogfjellet, men det er mest på papiret, meiner Vestnes-ordførar Lien. Kart: Statens vegvesen