Mannen i 40-åra har vore fengsla sidan han blei arrestert 4. oktober i fjor, sikta i ei omfattande overgrepssak.

No meinte påtalemakta det ikkje var nødvendig å halde han i fengsel lenger, men mannen bad via forsvararen sin om å bli varetektsfengsla i ytterlegare fire veker.

Manglar bustad

Aktor meinte på si side at det ikkje var grunnlag for å be om forlenga fengsling, sidan det ikkje er fare for at bevis skal gå tapt i saka.

Men mannen held fram at han ikkje har bustad, sidan besøksforbod hindrar han opphald i eigen heim. Han meiner likevel at han innan fire veker skal kunne førebu overgang til eit liv utanfor fengselet.

Sunnmøre tingrett meiner mangel på bustad ikkje bør vere nokon grunn for vidare fengsling. Mannen blir difor sett fri.

Stort beslag

Politiet har gjort eit svært omfattande beslag av overgrepsmateriale i saka. Det er gjort cirka 115 unike beslag – og funne ein stad mellom 15.000 og 20.000 bilde og filmar.

Sunnmørsposten har tidlegare skrive at mannen også er sikta for forsøk på grov valdtekt av barn under 14 år.