Videoen, opphavleg filma og sendt på Snapchat, viste ei jente som bankar opp ei anna jente på Blåhuset i Ulsteinvik.

Rektoren ved skulen der dei to jentene er elevar, vil ikkje gå inn på detaljar i saka, eller grunnen til at dette skjedde, men seier valdsepisoden kom svært overraskande.

Same kveld starta skulen arbeidet med å følge opp saka.

– Vi tok først kontakt med dei som var direkte involvert, for å få høyre kva som hadde skjedd og på best mogleg måte vere til hjelp og støtte. Hendinga skjedde seint på kveld og dagen etter starta vi arbeidet med utforming og gjennomføring av tiltaksplan på skulen, forklarer rektor.

Kontakta fleire heimar

Fleire andre elevar, også frå andre skular, var til stades på Blåhuset då dette skjedde.

– Vi har totalt vore i kontakt med 10–15 heimar for individuell oppfølging. Informasjon frå heimane og tett samarbeid med politiet gav oss raskt eit godt innsyn i kva som hadde skjedd, og kva som var viktig det vidare arbeidet, fortel rektor.

Elevane

– Vi har snakka om det som skjedde, og vidare snakka mykje om haldningar til vald. For eksempel har vi snakka om at det er heilt greitt å støtte ein ven. Men skal du støtte ein ven, skal du også gi tydeleg beskjed dersom han eller ho gjer noko gale. Det er også å vere ein ven, understrekar rektor, som seier elevar har gitt tilbakemelding om at dette har vore lærerikt.

Foreldra

– Her orienterte vi mellom anna om politiet, skulen og foreldra si rolle. Vi orienterte om tiltak og meiner det er viktig at det blir skapt felles forståing med foreldre om kva som er viktig å legge vekt på i det vidare arbeidet. Det var stort engasjement og vilje til å ta tak. Eit veldig positivt og samlande foreldremøte, seier rektor.

– Kva tiltak vil skulen sett i verk framover?

– Vi hadde alt før dette i samarbeid med FAU eit foreldremøte med politiet der «Ungdomskultur og digitale medium» skulle vere tema. No blir det fortgang i dette. Skulen vil også halde fram arbeidet med det haldnings- skapande arbeidet blant elevane for å sikre at elevane også vidare får eit godt og variert skulemiljø.

Massiv digital kvardag

Men rektor understrekar at foreldra har ei veldig viktig rolle.

– Den digitale kvardagen som dei unge no er ein del av, er så massiv at det frå til anna kan få negative konsekvensar for klasse- og skulemiljøet, for eksempel ved at det skaper negative relasjonar mellom elevar. Vi må erkjenne at det er andre grenser for kva som er akseptabelt å seie digitalt, enn ansikt til ansikt. Derfor må også foreldra vere orientert om og ha innsyn i kva digitale medium ungdomane er del av. Dette arbeidet må foreldra vere villige til å ta, saman med skulen, meiner rektor.

Hjelp og forståing

Han ber foreldre jobbe hardt for å halde ein god relasjon til barna sine.

– Unge kan oppleve å ha to liv. Eitt i det digital, der dei snakkar med vener om det meste. Og så eitt ved kjøkenbordet heime, der dei kanskje ikkje er så opne. Og det er uheldig. Foreldra må inn og vere ein del av dei unge sine liv, også digitalt. Vi må alle prøve å forstå og vere til hjelp når det trengst, og ikkje minst må vaksne vere gode forbilde på nett. Der er det veldig mange vaksne som har mykje å lære, meiner skulerektoren.