Nye regler om skulemiljø, som vart vedtatt av Stortinget i juni i fjor, skal sikre nulltoleranse mot mobbing. Skulane har fått ei tydeleg og handlingsretta aktivitetsplikt, og fylkesmannen er førsteinstans for klager frå elevar og foreldre. Vonde opplevingar skal bli tatt på alvor. Nulltoleransen mot mobbing skal få konsekvensar i praksis, og på denne måten kan elevane sitt rettsvern sikrast. No ber barneombodet om at denne lovfesta retten til ein trygg kvardag, også må gjelde for barn som går i barnehagen.

Vi støttar fullt ut kravet frå barneombodet, som både er rett og rimeleg. Mobbing startar ofte i barnehagen, og derfor må tiltak settast inn så tidleg som mogleg. Mobbing er ikkje vilkårleg erting, men handlar om gjentakande plaging over lenger tid. Skadeverknadane av mobbing er så alvorlege, og kan få så store konsekvensar, både for den enkelte og for samfunnet, at alt må settast inn for å hindre at barn blir utsett for dette.

Eit strengare lovverk er bra, men langt frå nok. Ulike kampanjar mot mobbing har ikkje fjerna problemet. Vi kan likevel ikkje gi opp. Det er behov for ei rekkje ulike tiltak for å sikre barn trygge oppvekstvilkår. Undersøkingar viser at mange barn saknar kontakt med vaksne i barnehagen. Det er svært alvorleg. Dersom det er lite verbal kontakt mellom barn og vaksne i barnehagen, blir det også vanskelegare å avdekke at nokon systematisk blir plaga. Det er viktig at dette problemet blir tatt på alvor.

Eit første steg er å sikre at barnehagane har forsvarleg bemanning. For gode barnehagar, med nær kontakt mellom barn og vaksne, kan fungere som den beste arena for å førebyggje mobbing. Barn treng å lære grunnleggande verdiar som fellesskap og omsorg, av tydelege vaksne, som aldri aksepterer mobbing. Men i tillegg til dette, er det behov for å gi barna eit lovfesta rettsvern. Det må få konsekvensar for barnehageeigarar og kommune, dersom barna ikkje får det vernet mot mobbing som dei har krav på.