– Det er eit vanskeleg spørsmål, og det er ikkje godt å seie kva som er det beste. Men alle bør svare når dei blir oppringde.

Det seier Ingunn Linge Valdal. Vi møter henne og sonen Kjetil på Joker Norddal, nærbutikken i bygda.

Fordelar og ulemper

Ingunn vedgår at ho har bestemt seg, men at ho ønskjer å halde det for seg sjølv.

– Det er vel fordelar og ulemper med begge alternativa. Ideelt sett hadde det vore best om alle fem kommunane langs fjorden gjekk saman, seier ho.

Bak disken står John Kåre Storås, og er like nøytral som Sveits.

– Eg vel å liggje lågt når det gjeld denne saka. Dessutan er det ikkje noko stort samtaletema mellom kundane mine. Eg trur heller ikkje det blir så store endringar, anten vi går hit eller dit. Det viktigaste er å ta vare på det vi har, seier han.

Og det dei har i bygda blir stadig mindre, synest Ingrid Storås, som også er på butikken for å handle.

– Kva eg meiner? Eg synest at heile indre Sunnmøre burde ha vore ein kommune. Då hadde vi kanskje fått oss ei hurtigbåtrute, også, trur pensjonisten – som opphavleg kjem frå Valderøya – men som har budd i Norddal i snart 40 år.

Mykje er lagt ned

Her jobba ho i mange år på postkontoret, 6214 Norddal, som sjølvsagt er lagt ned.

– Banken er også lagt ned. Biblioteket er borte. Trygdeheimen er lagt ned. Men barnehage, det har vi. Og bryggeri og Petrines – og bilverkstad. Dessutan har vi butikken. Han er vi svært glade for, seier ho.

Vi flyttar oss til nabobygda Eidsdal. Dei to første vi støyter på står utanfor Coop Marked, og heiter Jon Kåre Eik og Gudmund Relling:

– Klart vi skal gå saman med Stordal i nye Fjord kommune. Det er eit godt val. Derimot er eg sterkt imot å dele opp noverande Norddal kommune, seier Eik – utflytta vestrefjording som bur i Eidsdal.

Relling, tidlegare ordførar i Norddal kommune og busett i bygda Norddal, er heilt einig:

– Eg kan ikkje sjå for meg at vi som bur her skal bli ein del av Stranda kommune. Då må vi reise med to ferjer for å kome til kommunesenteret, mot ei ferje i dag, legg han til.

Sterkt ueinig

Relling er også sterkt ueinig i påstanden om at folket i bygdene i Eidsdal og Norddal har blitt oversett av kommunen:

– Det er ikkje lite som er blitt gjort av investeringar her.

Han tvilar også på at departementet vil gå for ei endring, når Stortinget allereie har vedteke å opprette Fjord kommune.

Asbjørn Eide har motsett synspunkt. Han har mellom anna i avisinnlegg oppmoda folk i dei to bygdene om å seie ja til Stranda.

Eide seier han er lei av manglande forståing for sørsida sine problem, manglande investeringar, manglande oppfølging, og stadig press på skule, barnehage og omsorgssenter.

Men kva vil folkefleirtalet? Det vågar ikkje Merete Løvoll Rønneberg i Eidsdal å spå om – ho som er ei av dei som gjekk i bresjen for å få greidd ut ei grensejustering:

– Eg veit ikkje kva utfallet av denne undersøkinga blir. Nokon er ikkje i tvil, andre er meir skeptiske.

Sjølv er ikkje Merete Løvoll Rønneberg i tvil. Ho til Stranda.