Geiranger Bakeri ønskjer å etablere seg i Ålesund, det bekreftar dagleg leiar Jan Egil Vikestrand til Sunnmørsposten.

– Det stemmer at vi leiter etter lokale, men vi har ikkje funne noko enno, fortel han.

Vikestrand fortel også at dei er i ein prosess med å starte opp eit dotterselskap, for å skilje mellom bakeria i Geiranger og i Ørsta/Volda.

– Det vart litt mykje å ha alt under ei kappe, så dette vil gjere det lettare, seier han.

Konditor Knut Arne Skjøtvold kjem også inn som medeigar i det nye selskapet, noko som betyr at dei no òg vil produsere kaker og andre konditorvarer.

Opna i Volda i 2016:  – Volda manglar eit slikt alternativ

Det heile starta i ein ombygd fjøs i Geiranger: No er det kanel i svingane i Geiranger

Les også: Mat og drikke skaper arbeid