Etter eit samlivsbrot i fjor sommar gjekk mannen til åtak på den tidlegare sambuaren då ho skulle pakke ned eigedelane sine på kjøkkenet.

- Han tok kvelertak på henne og skubba ho slik at ho datt. Han sparka ho fleire gonger, heilt til hunden kom og la seg inntil kvinna og knurra mot mannen, heiter det i dommen fra Søre Sunnmøre tingrett.

Mannen forlét leiligheita i bil, men kom tilbake om lag ein time seinare.

- Den tiltala går då etter den krenkte og tek på nytt til å slå, sparke, dytte, dreg ho i håret, held ho nede på golvet og ristar ho i kroppen, og legg seg over ho. Den tiltala tek harde kvelartak på den krenkte då ho forsøkte å kome seg opp frå golvet. Då den krenkte greidde å kome seg opp, tok han tak i buksa ho hadde på seg og reiv den opp slik at ho vart naken nedantil.

Slo og sparka

Vidare forsøkte den tiltala å stenge den krenkte inne i stova saman med seg ved å låse døra til gangen, for deretter å skulle tape ho fast med gaffa-tape.

- Den tiltala hadde på førehand lagt fram gaffa-tapen, saman med ein kniv, slik at dette skulle ligge tilgjengeleg for han. Den krenkte greidde likevel å rømme ut verandadøra og fekk tilkalla hjelp. Under valdsutøvinga mista den krenkte bevisstheita ei kort stund, vart påført fleire merker på kroppen, og hadde vondt i nakken i om lag ei veke etterpå, heiter det i dommen.

Angreip politiet

Då politiet kom til staden knytta han først høgrehanda mot dei som om han skulle til å slå.

- Han eit hardt tak rundt hals/nakke på den eine politibetjenten, medan han skubba den andre hardt inn i veggen.

Tilregneleg

Ei psykiatrisk vurdering av mannen konkluderte med at han var strafferettsleg tilrekneleg. Han blei difor dømt for mishandling mot sin tidlegare sambuar, vald mot to politibetjentar og aktlaus køyring.

Søre Sunnmøre tingrett meiner åtte månader i fengsel er ei passande straff. Til frådrag kjem 186 dagar som er sona i varetekt.

Han må og betale 50.000 kroner i erstatning til den tidlegare sambuaren.