–Det er lite realistisk å nå innsparingsmålet utan å redusere bemanning. Det er det ikkje mange kompetansebedrifter som får til med den svikten vi har hatt i skatteinntekter siste åra, skriv rådmann Einar Vik Arset i saksframlegget.

Kommunen skal spare 20 millionar neste år, og 5,4 millionar kroner av kutta kjem som følgje av nedbemanning.

Skatteinntektene svikta

Ulstein kommune låg i 15 år mellom 14 og 18 prosent over landsgjennomsnittet i skatteinngang. No er kommunen komen under landssnittet.

– Alle forstår at ei bedrift med slik inntektssvikt ikkje hanhalde fram som om ingen ting har skjedd, skriv Arset i saksutgreiinga.

Tilpassing av tenestenivå er ein del av pakken, sjølv med eigedomsskatt.

Fleire av tiltaka vil ramme tilsette, men kommunen må vere ryddige for å unngå rot og uro. Både administrasjon og hovudtillitsvalde finn det naturleg med ein kombinasjon av tre alternativ: Det kan bli ordinær oppseiing som følgje av reduserte tenester. Det kan også vere aktuelt med tilsetjingsstopp og at ein ikkje erstattar tilsette ved naturleg avgang. Også sluttpakkar er eit alternativ.

Tre barneskular

På den lange lista over moglege tiltak er det foreslått at ein startar prosess med sikte på å ha tre barneskular i kommunen. Administrasjonen har også spurt Vanylven kommune om pristilbod på felles sentralbord.

Trass innsparing vil Arset ha utviklingsfokus på tenestene. Ein må vise tolmod og gjere ting rett, men samtidig vere utolmodig og vise vilje og evne til å tenkje og prøve nytt:

– Vår attraktivitetsstrategi ligg fast, sjølv i periodar med sviktande inntekter.