Dette kjem fram i ein kjennelse frå Sunnmøre tingrett.

Ein mann har vore varetektsfengsla sidan tidleg i desember, sikta for grov kroppskrenking mot ei kvinne i Volda natt til 3. desember i fjor. To dagar etter hendinga blei ein mann pågripen og sikta for forholdet i ein nabokommune til Volda.

Blir fengsla vidare

No har politiet fått medhald i at mannen kan haldast fengsla fram til 21. mars, fram til hovudforhandling som er varsla 18. mars.

Retten peikar på at mistanken er styrka etter at det er påvist fingeravtrykk på utsida av døra inn til kvinna sitt soverom.

Mannen i 20-åra har vedgått å ha vore i Volda denne kvelden. Han var rusa og hugsar ikkje noko frå eit gitt tidspunkt, men han nektar for det han er sikta for.

Vil levere inn reisedokument

Mannen, som er utanlandsk statsborgar, ber om å bli sett fri. Han er villig til å gi frå seg reisedokumenta til politiet. Retten meiner at verken dette eller meldeplikt er nok til å hindre at sikta vil prøve å kome seg unna.

Det blir også lagt vekt på alvoret i saka, når retten meiner det er grunnlag for å halde mannen vidare fengsla.

Tidlegare er det kjent at politiet har sikra bilde frå overvakingskamera og at dei meiner den sikta er på bilda.

Den sikta har anka fengslingsavgjerda vidare til lagmannsretten.