Mista førarkortet i Kvivstunnelen

Ein mann i slutten av 20-åra er fråteken førarkortet etter å køyrt i 119 km/t i Kvivstunnelen på E39.
Nyheter

UP har hatt fartsmåling i Kvivstunnelen og teke førarkortet frå ein mann på grunn av høg fart, ifølgje ei Twitter-melding frå Møre og Romsdal politidistrikt klokka 2.16 natt til laurdag.

UP målte farten til 119 km/t. Det er 80-sone gjennom tunnelen på vegen mellom Volda til Hornindal.