(Møre-Nytt) Nesten 31.000 studentar har svart på Nokut (Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga) si årlege spørreundersøking om studiestaden sin.

Totalt svarte 75 prosent at dei er tilfredse eller svært tilfredse med studieprogrammet. Det er ein liten nedgang frå 2016, då 77 prosent sa det same. Berre åtte prosent av studentane er lite eller ikkje tilfredse med studiene sine, viser tala, som vart lagt fram måndag.

Studentane har gradert studiet sitt frå 1 til 5, og die aller fleste ligg høgt i denne skalaen. Det nasjonale snittet er 4,1. Høgskulen i Volda ligg på botn med eit snitt på 3,7.

Politihøgskolen og Arkitektur- og designhøyskolen tronar øverst, i år som tidlegare år.

Men for Høgskulen i Volda er tala lite kjekk lesnad. Volda får botnplassering av studentane.

Til nettstaden

Forskerforum

seier rektor Johann Roppen at dei har hatt stor møteverksemd etter at tala vart kjent for dei før årsskiftet. Han meiner at ei overordna forklaring kan finnast i dei svake resultata høgskulen sitt IKT-system fekk.

Rektor: Rektor Johann Roppen ved Høgskulen i Volda. Foto: RUNE SÆBØNES, Møre-Nytt

- Då studentane skulle svare, hadde det akkurat kome nye nettsider og Canvas hadde tatt over for Fronter. Då er det ikkje rart at mange studentar har vore frustrerte over at ting ikkje var på sin faste plass. Innkøyringsproblema er nok ikkje heile forklaring, men truleg ein viktig del, seier rektoren til Forskerforum.

Men han er også uroleg for om studentrekorden frå i haust, der høgskulen for første gong tok inn over 4.000 studentar, kan ha gitt negative utslag.

- Har vi teke inn fleire studentar enn vi rekk over, og har vi for mange studentar per tilsett? er spørsmål han stiller.

Roppen fortel at rundt halvparten av skulen sine studieprogram ligg over det nasjonale snittet. Han håper at det samla snittet for 2018-tala vert som 2016-tala var.

- Vi har teke studiebarometeret alvorleg, og det kjem vi til å gjere no også, når vi skal tolke kva som har skjedd, seier han.

Saka sto først i Møre-Nytt.