– Det første skipet vårt ved Ulstein Verft, Acta Auriga, skal snart på prøvetur, og vi er svært nøgde med framdrifta av prosjektet. Det at vi no kjem tilbake til Ulstein Verft med ein ordre på eit søsterskip er eit sterkt signal om at vi verdset evna til verftet til å levere kvalitet og til avtalt tid, noko som er svært viktig for oss som skipseigar og for kundane våre. Vi er overtydde om at Acta sine SX195-fartøy vil føre til høgare effektivitet i logistikkoperasjonar offshore, og på den måten reduserer den totale kostnaden med å byggje vindfarmar og også bidreg til ei høgare oppetid i etablerte offshorevindfarmar, seier Rob Boer, administrerande direktør i Acta Marine, ifølge ei pressemelding fra Ulstein Group.

Administrerande direktør Kristian Sætre i Ulstein Verft set pris på skussmålet frå Boer.

– Vi er glade for tilbakemeldinga fra Acta Marine, og den tilliten dei gir oss ved å plassere ein ny skipsbyggingskontrakt hos Ulstein Verft. Som alltid kjem vi til å vektlegge kvalitet og leveringstid, og vi vil legge oss i selen for å levere eit toppmoderne skip til Acta Marine sin flåte, seier han.

Designillustrasjon: Ulstein sitt SX195-design for Acta Marine. Illustrasjon ved Ulstein Group.

Sx195-design

Designet er for skip som måler 93,4 meter i lengde og 18 meter i breidde, og skal vere optimalisert for vind. Skipet har stor lagerkapasitet, der halvparten er under tak i eit kontrollert miljø, og med trinnlaus overgang til offshore-installasjonane. Skipet vil bli utstyrt med helikopterdekk.

– Acta Marine er godt posisjonerte innan havvind og offshore olje og gass. Første gong dei var i kontakt med oss, utfordra dei oss i å designe eit svært fleksibelt og kompakt fartøy med høg kapasitet som kunne vere lenge ute i feltet. Dette fartøyet er snart ferdigstilt. Vi gler oss til å samarbeide med Acta Marine igjen for å få fram endå eit nytt og moderne konstruksjonsstøttefartøy (CSV) med walk-to-work-funksjonar, kommenterer konsernsjef Gunvor Ulstein i Ulstein Group.

Skipet skal få innreiing for 120 personar, og er planlagt for levering i andre kvartal i 2019.

Les også: Dronar kan bli nytt industrieventyr i Sykkylven (+)

Les også: Vard med kontrakt på ny miljø-ferje

Acta Marine har inngått avtale med Ulstein Verft om å bygge eit nytt CSV-fartøy. Frå venstre Rob Boer (Acta Marine) og Kristian Sætre (Ulstein Verft). Foto: Ulstein Group