Her skal det vere fleire bilar med problem grunna glatt vegbane, ifølgje ei twittermelding klokka 09.

Operasjonsleiar Finn Harald Saltskår i Møre og Romsdal politidistrikt fortel at dei har fått melding om ei hending i Skulevegen i Ulsteinvik.

- Her var det fem bilar som var i trøbbel på glatta, og sklei inn i kvarandre. Det er ikkje meldt om personskade, seier han til Sunnmørsposten.

Saltskår fortel at det er rekvirert bil til å strø i område for å gjere vegen tryggare å køyre på.

Til tross for snøvêret i morgontimane har ikkje politiet fått melding om andre hendingar i trafikken på Sunnmøre.

- Det har vore stilt og roleg, seier Saltskår.