- Det er vanskeleg å lære norsk, smiler Greta Zilinskaite (20) og Audinga Driskiute (21) frå Litauen.

Norske preposisjonar er det verste, meiner Audinga. Skal ein bruke på eller i, og skal ein seie overfor eller ovanfor. Sjølv innfødde slit med dette.

Det heiter på postkontoret, men i banken. I Volda, men på Hareid. Og heiter det «eg kjøpte ei gåve til eller for deg»?

Greta synest det er vanskeleg med bestemt og ubestemt form. I litauisk skil ein nemleg ikkje mellom ubestemt og bestemt form av substantivet. Kvifor seier ein at «eg var på fjellet i helga» og ikkje berre «på fjell»? Kvifor er det rett å seie «barna mine», men feil å seie «mine barna»?

Ved Høgskulen i Volda får dei hjelp til å lære meir norsk, saman med studentar frå 15 andre land.

Ulik bakgrunn

Dei to litauiske jentene studerer til vanleg skandinavistikk ved Universitetet i Vilnius og kom til Volda som utvekslingsstudentar etter nyttår.

No er dei komne med i gruppa av studentar i faget Norsk språk og samfunnskunnskap for internasjonale studentar, forkorta NIS.

– Alle her snakkar så godt norsk at dei kan diskutere arbeidsmiljølova, forklarer høgskulelektor Sofie Holmen for å illustrere nivået i gruppa.

Studentane har ulik bakgrunn. Nokre er flyktningar, andre arbeidsinnvandrarar. Her er også utlendingar som er gifte med nordmenn. Studentane kan også vere frå yrkesgrupper som treng å dokumentere norskkunnskap på høgt nivå, til dømes legar som vil jobbe i Norge.

Alle kan engelsk frå før, og alle har akademisk bakgrunn. Gjennom studiet blir dei kvalifisert til å ta studium i Norge, på norsk.

– Dette er 27. kullet vi har. Og vi har til saman hatt studentar frå om lag 120 land, seier Hilde Osdal, førstelektor i norsk og fagansvarleg for NIS-studiet.

I år har NIS-studiet studentar frå 16 land: Kina, Syria, Albania, Romania, Hellas, Frankrike, Ungarn, Afghanistan, Vietnam, Spania, Latvia, Litauen, USA, Tyskland, Israel og Tyrkia.

– Det at dei lærer norsk gir ein annan innfallsvinkel til å skjøne det norske samfunnet enn om dei tek ein engelskspråkleg master her i landet, meiner Osdal.

Studiet, som gir 60 studiepoeng, er ikkje berre eit språkkurs. Første semester legg ein vekt på grammatikk og vokabular, men etter jul handlar det om historie, samfunnsfag, litteratur og litt kulturkunnskap. Og studiet skal gjere studentane i stand til å studere i Norge, på norskspråklege studium.

Reiser langt

Tamas Szabo frå Ungarn har budd fleire år på Nordfjordeid. Saman med sambuaren Nikoletta, som også går på kurset, pendlar han til Volda kvar dag for å studere norsk.

– Vi hadde lyst til å lære norsk på eit høgare nivå, og vi tenkte at dette er det beste nivået vi kan få. Difor køyrer vi kvar dag nær 100 kilometer for å gå her, seier han.

Tamas er utdanna medisinsk massørterapeut og har sidan 2008 jobba på Nordfjord hotell på Nordfjordeid.

– Eg kan tenkje meg å ta høgare utdanning som fysioterapeut eller kiropraktor, seier han om framtidsplanane.

USA og Kina

Geoffrey Scharnow frå Miami i USA, har norsk sambuar og bur i Ålesund. No dagpendlar han med bussen til Volda for å lære så godt norsk at han kan ta praktisk pedagogikk.

– Eg var lærar i USA, og underviste i amerikansk historie. Her satsar eg på å bli lærar og undervise i engelsk, seier han.

Ein annan av studentane er Jia Xu, som kjem heilt frå Kina, frå ein by som ligg aust for Tibet og har 39 millionar innbyggjarar. For 15 månader sidan kom han til Bergen for å studere, men norsk har han berre lært i eit halvt år. No fører han fint ein samtale på norsk.

– Eg har studert forretningsengelsk i Kina, men no har eg lyst til å studere sosialt arbeid i Norge, seier Jia Xu.

Eit slikt studium krev at han kan norsk.

Effektiv læring

På NIS-kurset lærer dei norsk intensivt, på eit høgt nivå.

–Det er interessant og vanskeleg, men veldig effektivt, seier Geoffrey.

Han fortel at i Miami er halvparten av innbyggjarane spansktalande og han har vakse opp med dette, men allereie etter kort tid med intensiv norskopplæring snakkar han no betre norsk enn spansk.

– Nivået på kurset er veldig høgt. No snakkar vi norsk flytande. Det er ikkje heilt feilfritt grammatisk, men veldig bra, seier Tamas som meiner grammatikken er det som er mest vanskeleg.

For kinesiske Jia Xu er det andre utfordringar:

– Først er det vanskeleg å snakke med folk fordi du er redd dei ler av deg. Det tok lang tid å bli trygg på dette. Og for meg som er frå Kina er alle ord med «r» vanskelege, seier han med ein lett skarre-r.

Snakkar engelsk

Alle meiner det er viktig å kunne godt norsk for å leve og bu i Norge.

– Eg jobbar med folk, og då er det veldig viktig å forstå folk i alle aldrar. Eldre folk er ofte mindre flinke i engelsk, seier Tamas og legg til at han synest det verkar som det er blitt større krav til norskkunnskap i arbeidslivet no enn då han kom hit for nokre år sidan.

Geoffrey er einig i at det er viktige å kunne norsk når ein bur i Norge.

– Det er bra å kunne språket for å sjå TV og filmar. Og du må snakke norsk med folk, men dette er vanskeleg, for det er så mange norske som kan engelsk. Folk begynner automatisk å snakke engelsk til meg på butikken, men eg prøver å halde på norsk, seier han.

Utvekslingsstudentar

Greta og Audinga er i tillegg til å vere NIS-studentar også to av fleire utvekslingsstudentar som er komne til Volda denne våren. Men dei er kanskje dei einaste av denne gruppa studentar som kan norsk. Dei fleste kjem inn i fag der dei klarer seg med engelsk.

Dei to litauiske studentane har aldri før vore i Norge, men heime i Litauen studerer dei skandinavisk. Dei har lært om nynorsk og dialektar, og no studerer dei eit halvt år i Volda.

– Volda stod på lista over plassar vi kunne velje. Det var tilfeldig at vi kom hit. Lærarane heime sa det var vanskeleg dialekt her, og at dette kunne bli ei utfordring, seier Greta.

Hittil har dei ikkje møtt så mange som har snakka dialekt, men dei lærte raskt at ei frå Molde meinte «eg» når ho sa «i».

Lærarstudentar

Ved Høgskulen i Volda har dei i fleire år brukt NIS-studentane som ressursar i andre fag, blant anna for å førebu lærarstudentane til arbeid i ein fleirkulturell og fleirspråkleg skule.

– I nesten alle klasserom sit det i dag elevar med eit anna morsmål enn norsk. Og for å forstå utfordringane deira krevst det at lærarane har god innsikt i norsk grammatikk og andrespråkslæring, seier Birgitte Fondevik, som er førstelektor i norsk og i fleire år har undervist NIS-studentar.

Desse studentane har stor språkleg kompetanse. Fleire av dei har eksotiske morsmål og kan fortelje norske lærarstudentar kva som er vanskeleg med norsk.

Norske studentar veit gjerne kva som er rett norsk, men kan ikkje forklare kvifor det er slik. Ein NIS-student må derimot kunne godt grammatikk for å lære korrekt norsk.

Plassering av ord i ei setning er noko av det utlendingar slit med i norsk. Kvifor heiter det til dømes «I jula kosar mange seg» og ikkje «I jula mange kosar seg»?

– I norsk plasserer ein alltid verbet på andreplass i ei heilsetning, forklarer Fondevik og legg til at rekkefølgja på orda i ei setning i norsk er relativt fast, i motsetning til i mange andre språk.

Fondevik meiner møta med utanlandske studentar er ein effektiv måte å få lærarstudentar til å sjå nytta av grammatikkundervisninga.

NIS-studentane blir også brukt i barnehagelærarutdanninga. Her har ein lagt vekt på kulturmøte, og studentane utvekslar syn på barndom og oppseding, som skil seg frå land til land.

Bygde maritim utdanning

NIS-studiet var i si tid designa for det ein kalla kvotestudentar, der Norge hadde avtaler med utviklings- og lavinntekstland i sør og land i Europa utanom EU. Studentane fekk ettergitt studielåna når dei reiste tilbake.

Utgangspunktet var at studentane skulle lære norsk i Volda for å kunne ta anna utdanning her i landet, og deretter reise heim. Men det blei slutt på kvoteordninga, fordi regjeringa meinte det var for få som reiste tilbake.

Studentar kunne ta utdanning som ikkje fanst i heimlanda, for så å reise heim og bygge opp ei utdanning der.

Eit vellukka eksempel på dette er studentar frå Tanzania som lærte norsk i Volda, før dei tok maritim utdanning i Ålesund.

– Dei reiste tilbake og bygde opp ein maritim institusjon i Dar-es-Salaam. Og dette vert hevda å vere einaste maritime utdanning på kysten frå Sør-Afrika til Egypt, fortel Osdal.

Før dei baltiske landa kom med i EU var det fleire frå Litauen og Latvia som tok sosionomutdanning i Volda. Dei reiste heim og bygde opp tilsvarande utdanning i heimlanda.

– Vi har også eksempel på studentar frå Malawi som tok master i spesialpedagogikk med toppkarakterar og reiste tilbake. Dette var ein fin måte å drive utviklingshjelp på, meiner Fondevik.

Og Osdal legg til:

– Det var eit fantastisk tilbod som er behov for enno. Kan du tenke deg betre form for utviklingshjelp enn dette!? Dei kan gjere ein forskjell når dei kjem tilbake til heimlanda sine.

Tidlegare var opp mot halvparten av NIS-studentane kvotestudentar, og det var større mangfald i gruppa.

– Etter at kvoteordninga blei vekke er her nesten ikkje nokon frå Afrika, og det er færre frå Kina, seier Osdal og legg til at det no er folk som kan betale sjølve som kan ta studiet.

Meir på engelsk

Også ved norske høgskular og universitet er det blitt meir undervisning på engelsk siste åra, men mange studium i Norge krev likevel framleis at ein kan godt norsk.

– Det er eit visst press på engelsk. Men skal du i praksis i Norge, så må du kunne norsk, seier Fondevik og understrekar at det framleis er ein fordel å kunne norsk for å studere i Norge.