Ferjer, hurtigbåtar og mindre fartøy står for mellom 20 og 32 prosent av utsleppa i Geirangerfjorden. På oppdrag for Stranda kommune har DNV-GL laga ein rapport som ser på korleis ein kan få ned desse utsleppa.

Konklusjonen er at det er fullt mogleg å laga eit konsesjonssystem for skipstrafikk som i dag ikkje er regulert. Men skal ein unngå at dette fører til redusert aktivitet, bør ein samstundes sørge for gode støtteordningar, er rådet i rapporten.

Rapporten konkluderer med at batteridrivne båtar (heilelektrisk eller hybrid) er den mest aktuelle teknologien for nullutslepp i Geirangerfjorden. Hydrogen kan bli eit aktuelt alternativ på lengre sikt.

Det er to regelsett som kan vurderast for å etablere eit konsesjonssystem for kommersiell båttrafikk: yrkestransportlova og hamne- og farvannslova, står det i rapporten. Rapporten konkluderer med at det er mest aktuelt å bruke yrkestransportlova. Allereie i dag kan fylkeskommunen stille miljøvilkår i kvart enkelte løyve for ferjer.

Men skal ein regulere også mindre båtar og båtar som ikkje går i rutetrafikk, så må ein først endre lova.