Onsdag blei den endelege versjonen av utviklingsplanen for 2019–2022 for Helse Møre og Romsdal gjort offentleg. Planen skal handsamast i styret 21. februar, og i forkant har det vore ei omfattande høyring. Helseføretaket har fått inn over 100 høyringssvar, og motsetnadane har vore til dels kraftige internt.

I planen som vert lagt fram for styret er fleire av momenta som det har vore diskusjon rundt inne:

• Etablering av PCI i Helse Møre og Romsdal. (Eit hjartesenter, lokalisert i Ålesund.)

• Ei nærare utgreiing om etablering av PET. (Skanning-metode som er effektiv i mellom anna kreftbehandling.)

• Robotkirurgi skal utgreiast nærare, i dialog med Helse Midt-Norge og St. Olavs hospital. Utgreiinga skal starte i år, og vere ferdig innan sommaren neste år.

• Helseføretaket skal i år vidareutvikle samarbeidet mellom sjukehusa i Ålesund og Volda. Sjukehuset i Volda skal ha akuttkirurgi i planperioden, slik tidlegare vedtatt.

Etablering av PCI-senter i Ålesund har vore utfordra av fagmiljø ved Molde sjukehus. Dei meiner dette vil ta for store ressursar. Tala for hjartepasientar i Møre og Romsdal viser at 3 av 10 fekk tilbod om PCI (utblokking) i 2016. Tilsvarande tal for Sør-Trøndelag var i 2016 9 av 10. PCI-etablering i Bodø har i det siste utløyst eit veldig rabalder i Helse Nord.

Ny sjukehuskamp: Nå er det en ressurskamp mellom sjukehusene i fylket

Utfordringar i kirurgi

Helseføretaket har tidlegare anbefalt å samle all brystkreftkirurgi i Ålesund. Desse anbefalingane gjeld framleis, men bemanningssituasjonen gjer at ein på kort sikt ikkje kan gjennomføre denne sentraliseringa. Brystkreft-kirurgi vert i dag utført ved sjukehusa i Molde og i Ålesund.

«Som ei ekstra utfordring er tilgangen på operasjon- og anestesisjukepleiarar ved Ålesund sjukehus kritisk», heiter det på heimesidene til Helse Møre og Romsdal.

Målet er at ein frå 2020 har sikra kapasitet ved Ålesund sjukehus som gjer at brystkreftkirurgien kan bli samla her. Utgreiing og oppfølging skal framleis skje både i Ålesund og Molde, men sjølve kirurgien i Ålesund.

I forordet til planen som administrerande direktør Espen Remme legg fram for helsestyret, skriv han at presset på helsetenestene vil auke, og at «å halde fram som i dag ikkje er eit alternativ».

Bygningar og pengemangel

Også ein bygningsmessig utviklingsplan er lagt fram for styret. Denne planen har ein horisont fram mot 2035, og må sjåast i samanheng med den faglege utvikla for kvart sjukehus.

Leiargruppa i Helse Møre og Romsdal ser ikkje at helseføretaket har nok ressursar til å kunne gjennomføre det som prosjektgruppa har tilrådd.

Prosjektgruppa såg ikkje på økonomien i si tilråding. Det var overlate til leiargruppa, og etter ei runde der, vert byggeambisjonane for Volda tatt ned til ei stegvis utvikling av Volda sjukehus.

Dette inneber bygging av nytt akuttmottak i vest, og ei ombygging av eksisterande bygningsmasse. Tilrådinga frå prosjektgruppa var eit heilt nytt sengebygg. Det var altså før økonomien vart vurdert.

Heller ikkje for Ålesund ser ein at økonomien strekk til for å bygge det som prosjektgruppa anbefaler. Her ser ein for seg i første fase å utvikle akuttmottaket og etablere ein korttidspost.

I denne fasen er det snakk om å bygge ny operasjonsavdeling i aust, og bygge ny hovudtilkomst til sjukehuset i nord. Eit eige steg er å legge til rette for færre fleirsengsrom, anten ved nybygg eller ombygging eller ein kombinasjon.

Kommentar: På Åse står dei desidert viktigaste bygningane i fylket

Prosjektgruppa anbefalte eit nytt sengebygg. Leiargruppa i Helse Møre og Romsdal ser ikkje at det blir nok pengar til dette. Foto: Terje Engås
Også her senkar ein ambisjonsnivået for utvikling av bygningsmassen. Foto: Morten Hjertø