– Johannes har gått same løpet som desse elevane, og no ser dei at det er mogleg å nå til topps, smiler Anders Vonheim, lærar for skiskyttarelevane på landslinja ved Stryn vidaregåande skule.

Han fortel om ei fantastisk stemning på skulen då Fourcade bomma, og det blei klart at Johannes Thingnes Bø med rå langrennsfart klarte gullet, trass to bom. Ikkje rart flagget gjekk til topps, slik det også gjorde då Johannes var elev ved skulen og tok gull i junior-VM.

Var trenar for OL-vinnaren

Vonheim var ikkje sjølv lærar ved skulen då den ferske OL-vinnaren var elev der, men han var ein av trenarane hans i Nordfjord Team.

– Vi såg tidleg at Johannes var offensiv i tankegangen. Han var ikkje redd for å tabbe seg ut, men gjekk på og torde å satse, seier Vonheim og legg til:

– Då Johannes var 16 år skulle han bli best og gjekk 100 prosent inn for det. Dette gav resultat allereie i junioralder.

OL-vinnaren valde å gå vidaregåande i Stryn, i motsetning til storebror Tarjei som reiste vekk for å satse på toppidrett. Etter den tid har Stryn fått landslinje i skiskyting, der det i år er elleve elevar.

Trening, tru, flaks og fokus

Sunnmørsposten møter dei som går første året, og dei har klart for seg kva som må til for å nå langt i idretten:

– Ein må trene godt og halde fokus, seier Eilev Aa Klokk frå Lillehammer.

Og Magnus Seljeset frå Hornindal legg til:

– Ein må trene bra og ha litt flaks også.

– Og det viktigaste er å ha tru, seier Sivert Skaug.

– Ja, Johannes var aldri i tvil om at han var best, seier lærar Vonheim og legg til at for Johannes var det nok også viktig at broren allereie var i verdstoppen.

Forstod at han ville nå langt

Vonheim meiner at OL-vinnaren ikkje utmerka seg så veldig som rekrutt, men då han begynte på Stryn vidaregåande skule og begynte å trene skikkeleg, blei han lagt merke til:

– Frå han var 16 år og til i dag har det berre gått ein veg. Ein har skjønt at han kom til å nå langt, seier Vonheim og legg til:

– Du såg kor mykje gullet betydde for han. Dette er noko han har jobba hard for, lenge.

Fleire kan nå langt

Det er liten tvil om at det gror bak Johannes i miljøet rundt Stryn vidaregåande skule. Skiskyttarane på landslinja fortel at dei på det meste kan trene rundt 20 timar i veka. Og læraren meiner at skulen vil kunne få fleire vinnarar i åra framover.

– Her er mange som har potensial til å bli gode. Viss dei har motivasjon og legg ned det arbeidet som krevst, kan dei nå så langt dei vil, seier Vonheim.

Viktig lærdom

Så langt i år har det ikkje blitt nasjonale medaljar på landslinja, men i fjor henta dei heim både gull og sølv i junior-VM.

– Alle kan ikkje bli like gode som Johannes, men her lærer dei å jobbe mot eit mål og det er viktig lærdom. Det dei lærer gjennom idrettskarrieren er verd å få med seg til seinare i livet, meiner Vonheim.

Landslinja for skiskyting i Stryn starta opp i haust. Linja har ti plassar per årskull, og tilbodet er knytt til studiespesialisering. Landslinje betyr at søkjarar frå heile landet konkurrerer på lik linje om plassane.