Prisen vart delt ut under 4H Møre og Romsdal si Superhelg i Fræna nyleg.

– Vi er stolte og glade for prisen, seier klubbrådgjevar Silje Kristin Stadheim i Fjellrosa 4H, i ei pressemelding.

Dei arbeider for tida med eit prosjekt for å inkludere fleire i klubben. I 2017 hadde den aktive 4H-klubben fleire arrangement i lag med flyktningar i bygda, mellom anna tur til badestranda.

Så langt i år har dei arrangert internasjonal kafé med stort oppmøte, og har planar om fleire inkluderingsaktivitetar utover året.

I grunngjevinga for kåringa står det mellom anna: «Årets klubb har gjort ein imponerande jobb med integrering i nærmiljøet».