Dette er det første av skipa som Hurtigruten byggjer ved Kleven i Ulstein.

– Det var ei fantastisk fin sjøsetting. Det er veldig kjekt at både dei som jobbar her tek med seg born og familie, og at mange frå bygda hadde møtt opp for å sjå på. Det er jo ei stor hending, seier Ellen Kvalsund i Kleven til Sunnmørsposten.

Laurdag passa det seg også akkurat slik at hurtigruteskipet MS Lofoten gjekk i rute forbi. Skipet la seg ved sidan av MS Roald Amundsen slik at både mannskap og gjestar fekk sjå sjøsettinga av det nyaste skipet til selskapet.

No er altså båten på vatn. Framleis står det mykje arbeid att.

– Vi bygger jo eit hotell samstundes som vi bygger båt. Det skal bli eit ekspedisjonsfartøy med veldig høg standard, så no står det att mykje arbeid inne. Både vi og Hurtigruten er opptekne av at båten skal bli klar så fort som mogleg, seier Kvalsund.

Omtrent på slaget klokka 12 seig skipet ut frå beddingen ved verftet. I vika blei det eit historisk møte mellom det nyaste ekspedisjonsskipet til Hurtigruten - og nordgåande hurtigrute, MS Lofoten - som er det eldste skipet som segler kystruta.

(saka held fram under)

Klar: MS Roald Amundsen på land før sjøsetting. Foto: Marius Rosbach

Bildeserie: Sjå bilda frå sjøsettinga her

Norskekysten i 2019

MS Roald Amundsen er ifølgje Hurtigruten det første i verda med hybriddrift, og kommunikasjonssjef Rune Thomas Ege omtalar skipet som  «verdas råaste». Eige forskingssenter og utstyr som undervassdroner er mellom fasilitetane om bord, slik at gjestane kan utforske miljøet der dei segler.

Den første ordinære turen går til Antarktis, og den er allereie «nærast utselt», ifølgje Ege.

–  Vi har opplevd større merksemd frå utlandet, enn i Norge. Det er eit spesielt og avansert skip med ein teknologi om bord som cruisebransjen ikkje har sett før, seier Ege til Sunnmørsposten.

Sommaren 2019 skal skipet segle norskekysten med stopp i mellom anna Førde, Ålesund, Geiranger og Molde.

(saka held fram under)

Sjå bildeserie: Slik blir luksuslivet om bord

Kan segle på berre straum

Det 140 meter lange og knappe 24 meter breie fartøyet vil ha plass til 530 gjestar fordelt på 265 lugarar. Skipet kan segle kortare strekningar på elektrisitet - og til saman skal utsleppa reduserast med 20 prosent.

Rolls-Royce står for skipsdesignen i samarbeid med yatch-designaren Espen Øino. Om bord er det høg standard med basseng og store lugarar. Molde-selskapet NMI kapra storkontrakt på innreiing til ein verdi av fleire hundre millionar kroner på dei to systerskipa.

Skipet skal stå ferdig til vinteren. Kleven er allereie i gong med å bygge systerskipet, MS Fridtjof Nansen som skal stå klart i 2019.