Vi snakkar om pengeskåpet, eller endå meir konkret bommen som skal skaffe pengar til å finansiere Voldatunnelen. Tunnelen går gjennom fjellet frå tett ved Volda sjukehus, og til Furene på kommunegrensa til Ørsta. På denne måten vert heile tunnelprosjektet, som vert ei vidareføring av E39 frå Rotsethorntunnelen, eit reint Volda-prosjekt. Volda sit i prinsippet med begge endane, men kanskje også bukta. Dette skal no avklarast gjennom eit felles formannskapsmøte på Ørsta rådhus, onsdag 21. februar.

Kvar skal bommen stå

Det har i minst ein valperiode bakover vore jobba med å realisere Voldatunnelen, med aktive aktørar på begge sider av kommunegrensa. Å få skikk på det mykje problematiske flyplasskrysset i Hovdebygda har vore av sterk felles interesse. Og det har vore arbeid seriøst med å få laga til det som vert kalla ein bomvegpakke, som inneber at lokale samferdsleprosjekt utanom sjølve tunnelen kan finansierast med bompengar. Men no har det spissa seg kraftig til mellom Volda og Ørsta: Kvar skal bommen, eller bommane stå?

Aldri bom i Hovdebakken

– I alle fall ikkje i Hovdebakken, slik voldingane har foreslått. Det ville slå helt beina under handelsnæringa i Ørsta, og dette kan eg nesten garantere ikkje vil verte godteke korkje av folket eller politikarane i Ørsta, seier ordførar Stein Aam. Han har også eit anna ufråvikeleg krav i saka:

– Skal vi vere med på ein bompakke, så vil vi reservere ti tidlege millionar kroner av bompengane til prosjektering av ei Ørstafjord-kryssing, seier Aam til Sunnmørsposten.

– Men med slike bastante krav og føringar, som mellom anna vedkjem eit heilt anna vegprosjekt, kor realistisk er det då å få til reelle forhandlingar og samarbeid med Volda?

– Det må berre vise seg når vi møtest. Men eg vil minne om at ei arbeidsgruppe med folk frå begge kommunar og frå Statens vegvesen, har vore i sving og lagt fram sine konklusjonar. Desse bør vi ny byggje vidare på.

– Eg håper for all del at vi kan kome vidare med samarbeid. Eg trur både Ørsta og Volda vil tape stort utan. Og eg fryktar det vil utsetje realiseringa av Voldatunnelen, seier Stein Aam.

Utan frykt

Ein som ikkje fryktar dette det minste, er formannskapsmedlem Odd A. Folkestad (Frp) i Volda. – Nei, på ingen måte. Det har kome nye trafikkprognosar, og desse ligg langt over det som nokon gong tidlegare har vore kalkulert med.

– Dermed ligg det an til at Volda kommune lett kan ta ansvaret som vertskommunen for tunnelen sjølve. Med ein bom plassert i- eller rett ved sjølve tunnelen, vil dette vere rikeleg nok til å finansiere han, reknar Folkestad. Han seier Volda kan utvikle sin eigen vegpakke i tillegg om dei vil, for å få finansiert nokre viktige sentrumsproblem, i tillegg til sjølve tunnelen.

– Ørsta er i alle fall heilt på viddene med sine krav. Å kople Ørstafjord-kryssing inn i dette, er å be grannekommunen Volda med på ein omkamp om stamvegføringa vidare nordover, noko Volda korkje vil eller kan, hevdar Folkestad. Han meiner det renn heilt over når Ørsta kommune nektar å ta belastning med ein bom, til dømes i Hovdebakken.

– Dei driv med dette rein proteksjonisme overfor sin eigen handelsstand, og på kostnad av andre handlande i distriktet, hevdar Folkestad. Han ville bryte vidare samarbeid med Ørsta alt på siste formannskapsmøte i Volda, men sat att berre med si eiga røyst.

Diplomaten

Ordførar Jørgen Amdam (Ap) i Volda er noko meir diplomatisk enn politikarkollega Odd. A. Folkestad.

– Her er ein lang tradisjon for samarbeid, også i denne saka. Vi tek dette møtet med Ørsta no, og så ser vi kvar det fører oss, seier Jørgen Amdam.